Søke tilgang til data
NIKreg bidreg gjerne med data til prosjekt som PhD, master, kvalitetsforbetring, forsking og rapportar. Her finn du rettleiing for korleis du søkjer om datautlevering, i tråd med revidert helseforskningslov.

For å få utlevert data må du sende ein søknad. Krava til dokumentasjon varierer etter om data skal brukast til forsking, rapportering eller kvalitetsforbetring.
Under finn du ei oversikt over obligatoriske krav til dokumentasjon for dei ulike typane datautleveringar. Fullstendig dokumentasjon gir kortare saksbehandlingstid og legg til rette for raskare vurdering av søknaden.
For studentar som ønskjer data til studentprosjekt, ber registeret om at studentane retter ein førespurnad saman med rettleiar eller utdanningsinstitusjon.
Sjå i seksjonane under for krav til dokumentasjon for ditt prosjekt.
Søknaden sender du til: norskintensivregister@helse-bergen.no
Saksgang:
Søknaden er komplett når NIKreg har motteke all relevant dokumentasjon.
NIKreg plikter å utlevere data innan 30 dagar etter søknaden er stadfesta motteken. Dersom data skal samstillast med andre register er fristen 60 dagar, jf. helseregisterlova §19. Ved særlege grunnar kan fristen overskridast. Registeret plikter då å informere om årsaka og opplyse om når utlevering er forventa.
Kodebøker
Her finn du lenkjer til kodebøker. Kodebøkene er publiserte på helsedata.no, der du også kan laste ned variabelliste som kan leggjast ved søknaden.
Kodebok: Norsk intensivregister
Kodebok: Norsk pandemiregister
Pris på datautleveringar:
Datautlevering vil medføre ein kostnad. Ta kontakt på e-post for prisoverslag.
Anna relevant info:
NIKreg tilrår at du set deg godt inn i krava til dokumentasjon før du søkjer, og viser til rettleiinga på Helsedata.no.
Ei kort søkjarrettleiing finst også i eigen seksjon under.
Oversikt over prosjekt der NIKreg har bidrege med data, finn du under "Prosjekter og publikasjonar".
Krav til obligatorisk dokumentasjon - forsking:
- Standard søknadsskjema - individdata
- Protokoll
- Vedtak frå Helsedataservice (HDS)
- Tilråding frå lokalt Personvernombod
- DPIA/DAC (der dette er aktuelt)
- REK-vedtak (der dette er aktuelt)
- Variabelliste
- Koplingsskisse (dersom kopling med meir enn ein datakjelde – sjå rettleiar her)
- Referansenummer/dokumentasjon frå REK – dersom prosjektet er delt med REK
- Annan relevant informasjon kring ditt prosjekt
Krav til obligatorisk dokumentasjon - kvalitetsforbetring:
- Standard søknadsskjema – individdata/statistikk
- Prosjektbeskriving
- Forankring
- Referansenummer/dokumentasjon for meldt prosjekt i lokal prosjektdatabase
Krav til obligatorisk dokumentasjon - rapportar:
- Standard søknadsskjema – individdata/statistikk
Rettleiing til obligatorisk dokumentasjon i protokoll og vedlegg:
Med forankring i forskrift om organisering av medisinsk og helsefagleg forsking § 8 og helseforskningslova §§ 9 og 12a stiller registeret krav til innhald i protokoll og synleggjering i tilråding frå PVO. Det er viktig med konsistens i innhaldet i dei ulike dokumenta. Under er det lista opp nokre punkt som skal vere tydeleg dokumenterte:
- Formål og behandlingsgrunnlag: klart definert formål, særleg i PVO-tilrådinga, med referanse til GDPR artikkel 6 og 9 (inkludert bokstavar).
- Lagringstid: prosjektet skal dokumentere oppbevaringstid for forskingsmaterialet for etterprøving og kontroll i minst 5 år, eventuelt lengre.
- Dispensasjon frå teieplikt: prosjektleiar skal vise til at dette er vurdert og eventuelt innvilga. Dispensasjon vert normalt innvilga av Helsedataservice ved reine registerstudium. Studiedesignet avgjer om vedtaket ligg til REK eller Helsedataservice.
- Fleire datakjelder og løyve til samanstilling av data: dersom prosjektet skal nytte fleire datakjelder, skal det visast til ei koplingsskisse og dokumenterast at data skal samanstillast. Helsedataservice gir løyve til samanstillinga.
- Referanse eller stadfesting frå REK: dokumentasjon på delt protokoll med REK skal leggjast ved søknaden.