Barne- og ungdomsklinikken, Infeksjon-, allergi- og lungepoliklinikk
Vi greier ut og behandlar generelle medisinske tilstandar hos barn frå 0-18 år knytt til infeksjonar, allergi og lungefunksjonar. Typiske pasientar her er barn med medfødde eller erverva alvorlege infeksjonstilstandar eller immunsvikt, barn med matvare eller luftvegsallergiar og barn med kronisk lungesjukdom som astma, cystisk fibrose, primær ciliær dyskinesi, malaci i luftvegane, medfødde misdannelsar i luftvegar eller lunger, eller barn som har søvnapne eller kronisk respirasjonssvikt. Hos nokre av pasientane våre blir diagnosen oppdaga allereie i fosterlivet, hos andre i nyføddperioden, og hos nokre oppstår symptom og sjukdom i barneår eller ungdomstid. Poliklinikkareala ligg i 1. etasje i Blokk 3 i Glasblokkene, og her arbeider det både sjukepleiar, lege og fysioterapeutar, samt at ein kan treffe andre yrkesgrupper som eksempel ernæringsfysiolog. Hjerte-Lunge Testlab er lokalisert i U1 (underetasjen) i Blokk 2 i Glasblokkene. Her driv vi brei lungefunksjonstesting som for eksempel spirometri, kartlegging av lungevolum og gassutveksling i lungene, eller ulike belastningstestar, og vi har både tredemølle og sykkel-testar. Her utreiar vi og følger opp barn og ungdom med mistanke om astma eller annan kronisk luftvegsssjukdom, EILO (exercise-induced-laryngeal-obstruction) eller hjartesjukdom. Tilstandar knytta til øyre, nase og hals behandlast i Klinikk Hovud Hals. Dette gjeld for eksempel hørselstesting, kronisk øyrebetennelse, bilhuleproblematikk.
Kontakt
Barne- og ungdomsklinikken
- Måndag 08:00 - 15:00
- Tysdag 08:00 - 15:00
- Onsdag 08:00 - 15:00
- Torsdag 08:00 - 15:00
- Fredag 08:00 - 15:00
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
E-post
Logg inn for å endre time
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Glasblokkene, blokk 3, 1. etasje, ventesone B3
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen