Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Matforsyning Hospitaldrift

Hospitaldrift matforsyning har ansvar for all produksjon og sal av mat til pasientar, pårørande og tilsette på Haukeland universitetssjukehus.

Vårt mål er å setje pasienten i fokus ved å freiste pasientar til å innta næring gjennom apetittvekkjande, sunn og variert kost. Mattryggleik og matomsorg er verkemiddel for å nå våre mål.

Ernæring

Sykdomsrelatert underernæring er eit utbreidd problem i Noreg. Haukeland universitetssjukehus er landets første sjukehus som har valt å satse på eigen ernæringsstrategi. 

Hospitaldrift matforsyning si rolle i ernæringsstrategien er å prøve å påverke pasienten sitt næringsinntak gjennom å ha nærare kommunikasjon med pasienten. Postkjøkken ute i klinikkane er under utbyggjing. Her har kjøkkenfagleg personell ansvaret for driften.

Produksjon

Dagleg produserer vi ca. 3.000 måltidar varm mat – og er såleis eit av landets største produksjonskjøkken.  Foruten levering av mat til Haukeland universitetssjukehus leverer vi også mat til Sandviken sjukehus, Knappentunet, Nordåstunet, Stord kommune, Bergensklinikkene, Voss kommune og Kvam kommune.

Vi tilbyr dagleg (kvardagar) to menyvalg. I tillegg finnes det eigen ønskekostmeny for den pasientgruppen som har ønske om annan meny. Vårt diettkjøkken tilbyr alle typar diettar og spesialkost. Våre menyar blir utarbeidd i samarbeid med eige brukerutval.

Einingsleiar 

Britt Mary Lerøy

Kontakt

Slik finn du fram

Flyfoto av Haukelandsområdet

Haukeland

Haukelandsveien 22

5009 Bergen