Kreft post 1

Vi ligger i Parkbygget, 2. etg. Vi har 22 sengeplassar fordelt på einerom og tosengsrom. På post 1 arbeider vi i 2 tverrfaglige team, rosa og oransje, og pasientane blir fordelt i team etter diagnose. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar har ansvar for pleie og behandling under opphaldet i avdelinga.

Bufféen har eigen kokk på dagtid. Det blir lagt stor vekt på at maten skal vere næringstett, ha rett temperatur og vere innbydande.

Bufféen har lyse, fine lokaler med utsikt over sykehusparken.


Måltida blir servert til følgande tider:

  • Frukost kl. 08.00-09.00 
  • Lunsj    kl. 12.00-13.00 
  • Middag kl. 15.30-16.30 
  • Kvelds  kl. 19.00-20.00

Det er mogleg å få enklare retter også utanom desse tidene.

Vi har også eit stort utval av næringsdrikkar og yoghurt som alltid er tilgjengelig for pasientane. 

Posten har ei stor TV-stove til pasienter og pårørande. Ventearealet ved inngangen kan også brukes av pasienter og pårørende. Her er det også ein TV, samt litt leiker og bøker for borna.

Vi har eit samtalerom / leikerom med ein del leiker, bøker og tegnesaker. Her har vi gjerne informasjons- og familiesamtaler.

 

Vi ønsker gjerne besøk av barn og barnebarn i avdelinga. Vi veit at det kan vere godt for borna å få sjå kor foreldre eller besteforeldre er innlagt, og blir litt kjent med oss som jobber her. Snakk gjerne med legen din eller nokon i pleiepersonalet om du har spørsmål knytt til dette. 

Vi tilbyr familiesamtaler med lege/pleiepersonell på avdelinga, og rettleiing og hjelp til foreldre alt etter behov. 

Det er lagt opp trådlaust nettverk i heile bygget. 

Våre hovudoppgåver er knytt til utgreiing, behandling og pleie av pasientar frå Helse Vest.

Vi har ansvar for pasientar som får strålebehandling og / eller medikamentell kreftbehandling (cellegift/antistoff/immunterapi). Symptomlindring og oppfølging under og etter behandling er sentrale oppgåver. 

Vi har som mål at våre pasientar skal få god pleie og symptomlindring, og at pasientar og pårørande har tilstrekkeleg informasjon rundt sin situasjon. 


Det blir lagt mykje arbeid i å koordinere og planlegge utskrivingar, og vi har fokus på at overgangane mellom kommune og sjukehus skal vere gode og trygge for pasientar og pårørande.

Vi samarbeider blant anna med primærhelsetenesta, palliativ sengepost på Haukeland universitetssjukehus og Røde Kors sjukeheim, palliativ eining.


  • Vaktskifte kl. 07.00
  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Legevisitt ca. kl. 09.00-11.00
  • Lunsj kl. 12.00-13.00
  • Vaktskifte kl. 14.30-15.30
  • Middag kl. 15.30-16.30
  • Kvelds kl. 19.30–20.30
  • Vaktskifte kl. 21.30–22.00

Vi har visittid frå kl. 17.00 - 20.00.

 

Du kan gjerne ha blomsterbukettar på pasientrommet.

Av hensyn til smittevern, er det ikkje tillate med potteplantar med jord på pasientromma. 

 

Vi ber om at ein ved bruk av mobiltelefon viser omsyn til medpasientar. Vi ber også om at det ikkje blir tatt bilde som kan vise andre pasientar. 

Det er tilgang til TV ved kvar seng. I tillegg er det TV i fellesareal og daglegstove. 

Vi anbefaler at verdisaker blir lagt igjen heime.

Er du i langvarig behandling kan du ha rett til å reise på permisjon i løpet av behandlingsperioden. Reiseutgifter må du då dekke sjølv.

Kontakt legen din for å få informasjon om permisjonar.

 

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus

Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Kreft post 1

Postboks 1400

5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kreft post 1 ligg i Parkbygget, 2. etasje.
Inngangsparti til Parkbygget

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

​Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.

Les mer om barn som pårørande

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Ved inngangen til Parkbygget finn du ventesone A som er ope for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.
Her finst aviser, blad, tv, trådlaust nettverk og ein lekekrok for dei minste.
Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, til å nytte Atriet. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, så vi oppfordrar også pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet.

For dei som skal ha behandling, er det eit eiga venterom i behandlingseinheita.

​Pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga kan låne bil.

​Ønskjer du å låne ein bil?

​​Kreftavdelinga har to sengepostar, Post 1 og Post 2.

​Alle pasientar får innkalling per brev. 

Brevet inneheld opplysningar om:
• Dag og tid for oppmøte på aktuell sengepost. 
• Info om kva du må ta med deg 

- Toalettsaker 
- Diverse dusjartiklar 
- Tøflar 
- Undertøy m.m. 
- Privat tøy
 
• Medisinar: Dersom du bruker medisiner fast, tar du med en oversikt over disse når du kommer til oppmøte. 
 
• Verdisaker: Avdelinga har ikkje høve til å ta ansvar for verdisaker. 
 

Innleggingsdagen

Den første dagen går med til prøvetaking, informasjon og samtale med helsepersonell. Du må rekne med litt venting mellom dei ulike gjeremåla denne dagen.

Legen vil undersøke deg og du vil få informasjon om vidare prøver/ undersøkingar og behandling.

Du vil også få ein innkomstsamtale med pleiepersonell og få ein del skriftleg informasjon om avdelinga og rutinane der.

Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallingsbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om: 

  • Dag og tid for oppmøte.

  • Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.

  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.

  • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.

  • Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.

  • Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.

 

Praktisk informasjon

Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.

Vennligst henvend deg i skranken i Parkbygget/Atriet U.etasje ved ankomst for registrering.
Her vil du bli vist vidare til blodprøvetaking eller konsultasjon/behandling.

Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.

For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting. 
Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering. 
Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.

​​​Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

Les meir om Pusterommet

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Du vil få:

  • Samtale med lege. 
  • Nødvendige papir som transportrekvisisjon, reseptar, sjukemelding osb. Utskrivingsskjema som gir deg informasjon om eventuelle medisinar, oppfølging heime og vidare avtaler med avdelinga. Dette skjemaet bør du ta med ved besøk hos fastlegen. 
  • Bruk anledninga til å spørje om ting du lurer på.

Du kan gjerne ha med deg pårørande ved utskrivingssamtalen.

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret