Mikrobiologisk avdeling

Mikrobiologisk avdeling (MIA) er eit av landets største mikrobiologiske laboratorium. Innenfor fagfeltet medisinsk mikrobiologi skal MIA bidra til å diagnostisere, behandle, kontrollere og forebyggje sjukdom på en fagleg og etisk forsvarleg måte. ​​​​​​​Avdelinga har tre diagnostiske seksjonar, eit produksjonslaboratorium og eit prøvemottak.

Mikrobiologisk avdeling (MIA) er ei laboratorieavdeling ved Haukeland universitetssjukehus, og er knytt til Laboratorieklinikken.

 

Avdelinga har tre diagnostiske seksjonar:

  • Virologisk seksjon
  • Molekylærbiologisk seksjon
  • Bakteriologisk seksjon

I tillegg har avdelinga eit produksjonslaboratorium og eit prøvemottak.

Avdelinga blei akkreditert 25. august 2015 etter NS-EN ISO 15189: Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse av Norsk Akkreditering med registreringsnummer TEST 290. 

Les meir om omfanget av akkrediteringa her

Mikrobiologisk avdeling er godkjend til å utføre smittetesting på prøver av donorer av humane celler og vev etter Forskrift om krav til kvalitet og sikkerhet ved håndtering av humane celler og vev.

Gades institutt blei oppretta i 1912 ved ei gåve frå dr. med. Fredrik Gerhard Gade på 150.000 kroner til oppretting og drift av eit patologisk anatomisk laboratorium som er knytt til Bergen Sjukehus. 

Namnet blei dr. F. G. Gades patologisk anatomiske laboratorium i Bergen. I 1936 blei laboratoriet delt i ei avdeling for bakteriologi og ei avdeling for patologi, Avdeling for mikrobiologi og immunologi (AMI) og Avdeling for patologi.

Avdelingane var samlokalisert fram til 1963. Da flytta AMI til Armauer Hansens Hus. Seinare flytta Avdeling for patologi inn i Sentralblokka.

I 2009 endra AMI namn til Mikrobiologisk avdeling (MIA) og flytta inn i Laboratoriebygget. I dag er avdelinga ein del av Laboratorieklinikken.

Praktisk informasjon

Mikrobiologisk avdeling sender ikkje lenger med MSIS-meldeskjema med prøvesvar til rekvirentane. Elektronisk meldeskjema er integrert i dei fleste journalsystem.

På heimesidene til Folkehelseinstituttet er meldeskjema tilgjengeleg for utskrift og elektronisk utfylling – sjå lenker nedanfor.

Nummererte meldeskjema for anonymt meldepliktige sjukdommar, vil framleis sendast med prøvesvaret. 

Skjermbilde av MSIS-skjema nominativ melding om smittsomme sykdommer

MSIS meldeskjema, nominativ melding om smittsomme sykdommer

Skjermbilde av MSIS-skjema tuberkulose

MSIS meldeskjema, tuberkulose 

Mikrobiologisk diagnostikk er svært avhengig av riktig prøvetaking. Val av utstyr og transportmedium avheng av kva slags agens ein leiter etter. 

Informasjon om val av transportmedium, finst under kvar enkelt analyse i Analyseoversikten. Her finst informasjon om mikrobiologisk prøvetaking.

Rettleiingar prøvetaking

Prøvetakingsutstyr til mikrobiologiske undersøkinger (PDF) 

Rettleiing for pasientar som skal ta prøve av avføringa (PDF) 

Bruk av prøvetakingssett for tarmpatogene bakteriar 

Oversikt over luftvegspatogene og tarmpatogene mikrobar

Her vil du finne oversikt over prøver som er analyserte med PCR ved Mikrobiologisk avdeling.
Sjå oversikt over luftvegspatogene og tarmpatogene mikrobar
Foto: Laboratoriebygget

Analyseoversikten

Sjå vår elektroniske analyseoversikt for informasjon om alle våre analysar, Lab-info og for bestilling av prøvetakingsutstyr.
Analyseoversikten
Forsiden til analyseoversikten. Skjermdump

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Medisinskfaglige spørsmål: Virologi

55 97 46 25
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Medisinskfaglige spørsmål: Bakteriologi

55 97 66 08
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

4. etasje Laboratoriebygget

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland