Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Leger samlet til pre-visitt

Medisinsk klinikk

Medisinsk klinikk tar imot pasientar for utgreiing og behandling av indremedisinske sjukdommar. Det kan for eksempel vere blodsjukdommar, hormonsjukdommar og diabetes, fordøyingssjukdommar, infeksjonssjukdommar , akuttgeriatri og nyresjukdommar. Klinikken har ulike opplæringstilbod for pasient og pårørande. Her er fleire einingar tilpassa dialyse,  gastroenterologiske spesialundersøkingar, poliklinisk verksemd og dagbehandlig.

Medisinsk klinikk har seks fagseksjonar:
 
Klinikken har også 

 

 

Kurs  

Medisinsk klinikk arrangerer gruppebasert pasient- og pårørande opplæringskurs til personar med ulike kroniske diagnosar. Kursa er eit samarbeid mellom dei ulike kliniske avdelingane, brukarorganisasjon og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Det må ligge føre ei tilvising frå lege.   

Ei oversikt over dei ulike kursa finn du hos Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen.  

 

Vi driv og med forsking, utdanning av helsepersonell. Dette krev eit sterkt fagmiljø  i kontinuerleg utvikling og samarbeid på tvers. Medisin- og sjukepleiarstudentar får undervisning, og legar får spesialistutdanning innan indremedisin med tilhøyrande greinspesialitetar. Vi har også kliniske spesialutdanningar for sjukepleiarar innan gastro, infeksjon, diabetes, kreft og nyre.

  • Feirregional behandlingsteneste for allogen stamcelletransplantasjon.
  • Nasjonale kompetansesentre for tropiske infeksjonssjukdommar,
  • Gastroenterologisk ultrasonografiI.og funksjonelle mage- og tarmlidningar.
  • Klinikken har og nasjonale kvalitetsregister for nyrebiopsiar og organspesifikke autoimmune sjukdommar. 
 

Klinikken har eigne einingar for dialyse og gastroenterologiske spesialundersøkingar. Sistnemnde blir delvis driven i samarbeid med Kirurgisk klinikk og Barneklinikken. Medisinsk avdeling samarbeider på fleire felt særleg tett med Hjarte- og Lungeavdelinga, blant anna gjennom vaktsamarbeid og ansvar for felles turnuslegar. Klinikken har lokalsjukehusfunksjon og er også referanseavdeling for spesialfunksjonar innan lokalt og regionalt helseføretak.


Metodebok i akutt indremedisin er et viktig og nyttig verktøy for alle leger som går  vakt ved dei indremedisinske avdelingane. Boka er mykje brukt, også av leger utanfor Haukeland universitetssjukehus.