Nevropoliklinikk

Nevrokirurgisk poliklinikk og Nevrologisk poliklinikk blei i 2005 slått saman til det som i dag blir kalla Nevropoliklinikken. Poliklinikken er både ein medisinsk og kirurgisk poliklinikk og er delt opp i ein nevrologisk og ein nevrokirurgisk del. Det er eindringar i drifta på poliklinikken som følgje av Koronavirus. Les meir under.

Den nevrologiske delen gir tilbod til pasientar med sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nervar eller muskulatur. Den nevrokirurgiske delen gir tilbod til pasientar med misdanningar, sjukdom og skade i det sentrale og perifere nervesystemet.

Poliklinikken samarbeider med Nevrokirurgisk avdeling og Nevrologisk avdeling og høyrer til Nevroklinikken.

På grunn av særskilte utfordringer i sjukehuset,  og for å redusera smittefare for pasientar og ansette, ynskjer Nevrologisk poliklinikk, Haukeland universitetssjukehus å avgrensa oppmøte i poliklinikken i ein periode (førebels fram til påske). Det vil bli vurdert om konsultasjonane kan gjerast pr. telefon eller kan utsetjast. Du vil bli kontakta dersom timen din vert endra. 

Personar med nevrologiske sjukdommar kan vere ekstra utsett på grunn av nedsett helsetilstand, dette gjeld særleg dei med nedsett lungefunksjon. Styresmaktene tilrår avgrensa reising for å hindra spreiing av smitte. Vi tilrår å følgja rådet frå styresmaktene og viser til følgjande informasjonslenker:
https://helsenorge.no/koronavirus  
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Vi har ca. 20 000 polikliniske konsultasjonar årleg.

Poliklinikken har oppretta klinikkar for nokre av dei nevrologiske sjukdomsgruppene, som ALS, muskelsjukdomar og tumorpasientar. Desse klinikkane består av tverrfaglege team. Pasientane kan sjølv påverke / bestemme kven av dei ulike yrkesgruppene dei ynskjer å snakka med ved konsultasjonen.

Poliklinikken er ein lukka poliklinikk. Det vil seia at alle pasientar må ha tilvising frå lege for å få time ved poliklinikken. Mange pasientar kjem også til kontroll.

Einskilde legar som er knytta til poliklinikken har faste poliklinikkdager. I poliklinikken jobbar for tida 4 kontortilsette, 5 sjukepleiarar i deltidsstillingar og eit varierande tal med legar.

Det er alltid sjukepleiar tilgjengeleg for pasientane på poliklinikken som kan svara på spørsmål knytt til ulike nevrologiske sjukdomar eller nevrokirurgiske tilstander.

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Tysdag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Onsdag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Torsdag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Fredag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Telefaks

55 97 51 64

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg. Følg svart stripe i golvet til ekspedisjonen.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Kvinnelig ansatt i uniform foran PC. Foto
 

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • MS-Kurs for nydiagnostiserte og pårørande
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
    MS-Kurs for nydiagnostiserte og pårørande
    23.
    september
    2024
    2 dagar
  • PHARC
    Kurset gir kunnskap om PHARC og støtte til mestring i kvardagen.
    PHARC
    Dato kjem

Attakk-telefonen

Menneske med multippel sklerose (MS) har oftast eit attakkprega sjukdomsbilete, med subakutte forverringar som kan vare i veker eller månader. Det er vanleg at sjukdommen gir slike utslag i mange år. Varigheita av eit MS-attakk kan forkortast med iv. methylprednisolon (Solu-Medrol) behandling.
Les meir om Attakk-telefonen
To smilande kvinnelege tilsette i sjukehuskorridor.