Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ALS-klinikken

ALS klinikken er eit behandlingstilbod som skal gje deg som ALS pasient og dine pårørande eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg. Vi er ein del av Nevropoliklinikken og har sidan oppstarten av klinikken i 1990 opparbeida lang erfaring og tverrfagleg kompetanse innan behandling av ALS pasientar.

For å kunne legge tilrette for eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg blir du møtt av eit tverrfagleg team beståande av lege, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og ernæringsfysiolog som vil ivareta deg og dine behov på best mogleg måte. 

Før poliklinisk time hos oss ber vi deg difor fylle ut eit skjema som du har fått tilsendt i innkallingsbrevet. I skjemaet kan du krysse kva fagpersonar du ønskjer å snakke med når du kjem til avtalen. Det er også fint om du har tenkt gjennom kva du ønskjer å ta opp på før du kjem til den tverrfaglege timen din. 

Vårt tverrfaglege team

Hos oss møter du erfarne legar som sørger for at du får presis utgreiing og diagnostikk ved mistanke om ALS sjukdom. Legen kan bestille tilleggsundersøkingar der det er behov, og bidra med kunnskap om nyare forsking, ulike behandlingsalternativ og nye medikament som er under utprøving. Sidan sjukdomen utviklar seg ulikt hos ulike pasientar er det viktig å formidle moglegheiter og tilbod som kan vere til nytte for den enkelte.

Ved poliklinikken har vi sjukepleiarar med spesialkompetanse på ALS som kan gje deg informasjon og råd, og som kan formidle kontakt med andre fagpersonar som du har behov for å snakke med. 

I samtale med sosionom kan du få hjelp og rettleiing i sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål som gjeld mellom anna:

  • Tilrettelegging av arbeidsforhold
  • Sikring av trygderettar
  • Informasjon om økonomisk støtte
  • Hjelp og assistanse i dagleglivet
  • Hjelp til å skrive søknadar
  • Spørsmål og tankar om situasjonen

Fysioterapeuten sørger for at du opprettheld god kroppshaldning, bevegelige ledd og god muskellengde. Dette vil hjelpe deg å halde vedlike den fysiske funksjonen til kroppen, motverke smerter og sikre gode pusteforhold. I tillegg kan fysioterapeuten gje råd og rettleiing om hjelpemiddel og sørger for at du får lungefysioterapi ved slimproblem.

Hos ergoterapeuten kartlegg vi utfordringar som oppstår heime og på arbeidsplassen, og gir råd og rettleiing om bustad-og arbeidstilpassingar med tekniske hjelpemiddel. Dei tekniske hjelpemiddela får du gratis som varig lån fra Hjelpemiddelsentralen. 

Logopeden gir råd og øvingar ved tale og kommunikasjonsnedsettingar og ved svelgvanskar. I tillegg til muskeløvingar for å halde talefunksjonen best mogleg kan logopeden informere om kommunikasjonshjelpemiddel som passar til ulike behov.

Dersom det oppstår vanskar som gjer at du ikkje får i deg nok mat og drikke, kan ernæringsfysiologen vurdere ernæringssituasjonen din og gje deg råd og rettleiing for å sikre at du får i deg fullverdig ernæring.

Nyttige lenker

Foreningen for Muskelsyke

Stiftelsen ALS Norge | Vi har fått til forskning på ALS i Norge

Kontakt

Tlf:

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

For å komme til oss må du gå til Nevropoliklinikken i 2. etasje i Gamle hovudbygg. 

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.