Korleis verkar det

​Meir enn halvparten av alle nakkeskader rammar C5-C7 nivå. Musklane under skadenivå er delvis eller heilt ute av funksjon og ein har få fungerande musklar i armen. Funksjonsforbetrande kirurgi tilbys for å utnytta dei fungerande musklane ved å kople dei til musklar med tapt funksjon. Vi skil mellom sene/muskeltransposisjons og nervetransposisjon. Vi har to hovudgrupper sene/muskeltransposisjon: 1) rekonstruksjon av strekkefunksjon i olbogen, og 2) rekonstruksjon av grepsfunksjon i handa. Nervetransposisjon er omkopling av nerver.

Tricepsrekonstruksjon 

Tricepsoperasjon utførast for å oppnå strekkefunksjon i olbogen samt for å få stabilitet og kontroll i olboge. Dette fører til meir sjølvstende i daglege aktivitetar som for eksempel påkledning og forflytning. Tricepsoperasjonen er ein forutsetnad før ein eventuell greprekonstruksjon.

Pasientbrosjyre - Tricepsrekonstruksjon (PDF)

Grepsrekonstruksjon 

Kva grepsfunksjon ein kan oppnå er avhengig av kor mange tilgjengelege fungerande musklar ein har i underarmen etter skaden. Det er mogleg å rekonstruere aktiv handleddsstrekk, aktiv fingerbøy, aktiv eller passiv bøy av tommel og opning av grep. Målet med operasjonen er å verta meir sjølvstendig i daglege aktivitetar som å ete og drikke utan hjelpe, køyre bil, køyre el.rullestol, skrive, utføre personleg hygiene, samt oppnå høgare livskvalitet.

Pasientbrosjyre - Grepsrekonstruksjon (PDF)

Både triceps- og grepsoperasjonane kan utførast sjølv om skaden er fleire år gamal. Etter operasjonen vil du få nokre restriksjonar å forholda deg til.

Nervetransposisjon

Hensikten kan vera å oppnå aktiv fingerstrekk. Ein nerveoperasjon bør gjennomførast innan eitt år etter skaden. Ved nervetransposisjon flyttast ei nervegrein til ein fungerande muskel over til ein nervegrein som går til ein lamma muskel. Nervergreina veks ca 1mm pr døgn, slik at ein etter ca 6- 8 mnd kan forventa å sjå resultat av operasjonen.    

Etter operasjonen får ein vanlegvis ei skinne på olbogen som skal nyttast opp til 3 veker som hindrar full strekk. Du kan fritt bøye olbogen utover det skinna tillet. Etter tre veker har ein ingen restriksjonar å forholda seg til.

     

​NRK Schrödringers katt 24.01.2013


NRK video
Her er nokre filmar som viser endring i funksjon etter kirurgisk inngrep

10 månader etter rekonstruksjon av olboge og grep på venstre side:

 

Rullestol opp rampe etter rekonstruksjon av triceps:

 

 

Funksjon av triceps etter kirurgisk rekonstruksjon i tetraplegia:

Sist oppdatert 14.08.2024