Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tre personer i sykehusuniform som sitter ved et skrivebord med datamaskiner

Ortopedisk avdeling, Haukeland

Vi behandlar pasientar med sjukdomar og skadar i muskel- og skjelettsystemet. Ortopedisk avdeling har ein poliklinikk i 2. etasje og 4 sengepostar som er seksjonert etter fagområder. Les meir om kvar enkelt seksjon lenger nede på denne sida.

Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan eit breitt spekter av ortopediske sjukdommar og skadar. Her finn du informasjon om våre fagområde, behandlingstilbod, forsking, pasientinformasjon og moglegheiter for utdanning og arbeid ved avdelinga.

Informasjon til pasientar

Praktisk informasjon før og etter behandling.

Før operasjon 

Avbod/endring av operasjonstidspunkt 

Om du blir forhindra frå å komme til det avtalte tidspunktet eller om du blir sjuk (feber, naseforkjølt, halsvonde/hoste etc.) ber vi deg kontakte oss så fort som mogleg. 
 
Vi ber deg vere ekstra oppmerksam på at dersom du skal opererast i eit dagkirurgisk forløp, det vil sei at du skal heim same dag som du blir operert, må du sørge for at du har nokon som kan vere i lag med deg det første døgnet. Du kan ikkje vere åleine.  

Vi ber deg lese innkallingsbrevet og annen informasjon som du får fra sykehuset nøye, slik at du er godt forberedt og har gjort det du skal gjøre før operasjonen.  

Slik førebur du deg heime før operasjonen 

På operasjonsdagen kan du ta dei vanlege medisinane dine bortsett frå: 

  • Står du på SGLT-2 hemmar (Forxiga, Invokana, Steglattro, Xigduro, Synjardi, Glyxambi, Qtern, Segluromet og Steglujan) eller Mysimba, skal du stoppe å ta desse 3 dagar før operasjonen 
  • Brukar du blodfortynnande, skal det vere avtalt med lege om, og eventuelt når du skal stoppe å ta disse. Ofte er det 2, andre ganger 5 døgn før operasjonen, men det skal vere gjort ei vurdering for kvar enkelt pasient. Om dette ikkje er gjort, ta kontakt med innleggelseskontoret Ortopedisk avdeling, telefon 5597 5670/71 
  • Brukar du medisinar mot diabetes, det vi kallar ACE-hemmar, A2-blokkar og/eller vassdrivande, skal du IKKJE ta disse på operasjonsdagen.  

Om du er usikker på om nokon av dei medisinane du bruker tilhøyrer nokre av desse medikamentgruppene så la vere å ta medisinane. Ta dei heller med deg til sjukehuset, så tar du dei rette medisinane i samråd med oss. 

Du kan ete og drikke som vanleg fram til midnatt. Etter midnatt skal du ikkje ete meir, men du kan røyke, snuse og drikke vatn, saft, jus, brus, te og svart kaffi fram til 1 time før oppmøtetidspunktet ditt. 

Ta på deg tøy som er lett å få av og på etter at du er operert, og skotøy som er stødig og enkelt å få av og på. 

Ta med deg minimalt med verdisaker, det vil sei la smykker, øyredobbar og liknande ligge igjen heime. Piercing må fjernast.  

Når du kjem til sjukehuset vil du få snakke med ein sjukepleiar og få utlevert sjukehustøy som du skal ta på deg. Sidan det kan bli litt ventetid denne dagen anbefaler vi at du tar med deg lesestoff, musikk eller anna underhaldning. 

Vi har to operasjonseiningar, ein i 1. etasje (sentraloperasjon) og ein i 2. etasje (dagkirurgisk seksjon). Skal du opererast på sentraloperasjon, vil du ei stund før du skal opererast bli køyrd til eit mottaksareal og der blir du liggande fram til operasjonsstova er klar. I mottaksarealet vil du få lagt inn ei venekanyle og om du skal opererast i blokade (ein slags lokalbedøving) vil også denne leggast der. 

Om du skal opererast dagkirurgisk ventar du i same område som du blir køyrd tilbake til etter inngrepet. 

 

Kontaktinformasjon  

Hvis du blir forhindra frå å kome til det avtalte tidspunktet, eller hvis du blir sjuk (feber, neseforkjølt, halsonde/hoste etc) ber vi deg kontakte oss på:  

  • 55972837 (for dei som møter på sengepost for operasjon på sentraloperasjon) 
  • 55970452 (for dei som møter og skal opererast på dagkirurgisk seksjon i 2.etg).   

 

Bedøving 

Korleis går ein blokade-bedøving føre seg? 

Blokade er ei lokalbedøving som bedøver heile armen din eller nedste del av foten din (avhengig av kva du skal opererast for). Denne blokaden held armen/foten kjenslelaus og smertefri i 10–16 timar (for nokon opptil 24 timar). Du vil i denne perioden ikkje kunne bruke armen/foten din som normalt. 

Det er ein anestesilege som legg blokaden. Du blir ultralydskanna i området der blokaden skal leggast. Om du har ein handleddsskade kan det vere i armhola eller like over kragebeinet og dersom det er i foten du har skadd deg så kan det vere i knehasen og framfor på låret. 

Ultralyd blir brukt for at anestesilegen skal vite presist kor lokalbedøvinga skal leggast. Det blir gjort med ei tynn nål like under huda. Før operasjonen startar, vil anestesipersonalet sjekke at bedøvinga sit korrekt slik at du ikkje skal kjenne smerter undervegs. Nokon vil merke trykk og berøring og det er heilt normalt. 

Ein del inngrep blir gjorde i full narkose som alternativ til blokade. Narkosen blir sett i ein venekanyle som blir lagd på armen. Det finnast fleire anestesiformer, og det er anestesilegen som avgjer kva anestesiform som er best for deg. 
Ved utreise, vil du få med deg et eget informasjonsskriv om blokade. 

Korleis går narkose føre seg? 

Ein del inngrep vert gjort i full narkose som alternativ til blokade. Narkosemidla blir sett i ein veneflon (venekanyle) som du har fått på armen. Narkosen blir starta etter at du er køyrd inn på operasjonsstova og har fått kopla på deg overvaking (EKG, blodtrykk og ei klype på fingeren for å måle at du pustar godt). Etter at operasjonen er ferdig, blir du vekt inne på operasjonsstua og køyrd til postoperativ avdeling. Der vil du vere alt frå ein time til fleire timar, litt avhengig av både operasjon og anestesiform.  

Etter operasjon 

Om du har sove under operasjonen blir du køyrd til postoperativ avdeling eller tilbake til venteområdet på dagkirurgisk seksjon. Du kan reise direkte heim frå dagkirurgisk seksjon. Har du blitt operert på sentraloperasjon, kjem du innom sengepost før du event. kan reise heim, eller du blir innlagt vidare, dette avheng av kva type operasjon som er gjennomført og kva som er planlagt.     

Før du reiser heim får du all nødvendig informasjon om korleis du skal bruke dei smertestillande medisinane dine. Reiser du heim same dag, må du ha ein vaksen pårørande hos deg den første dagen/natta. 

Kirurgen informerer deg om korleis operasjonen har gått og kva som er planen vidare. 

Det er viktig at du klarer å late vatnet i løpet av kvelden den dagen du blir operert. Om du ikkje har klart å tisse 6–8 timar etter at du reiste frå sjukehuset, må du kontakte oss, sjå kontaktinformasjon nederst på sida. 

Kva skal eg gjere så lenge blokaden verkar? 
Så lenge armen/foten din er nummen, er det viktig at du passar på enkelte ting: 

  1. Ikkje plassar varme/kalde gjenstandar direkte på det bedøvde området. 
  1. Ikkje la armen/foten ligge på hardt underlag. Legg pute/dyne under. 
  1. Dersom du har operert handa/armen din vil du bli skevet ut med ein fatle som du skal bruke i alle fall så lenge blokaden verkar, men ofte lenger. Det vil ortopeden i tilfelle informere deg om. 
  1. Dersom du har fått laga til gips etter operasjonen bør du sjekke fingerneglene dine så lenge blokaden verkar og gi beskjed til ortoped om du ser fargeendring. 
  1. Dersom du er operert i foten vil du vanlegvis ikkje kunne belaste foten/gå på den så lenge blokaden verkar. Ikkje forsøk å gå utan å ha nokon til å hjelpe deg første gongen. 
  1. Om du har fått armbedøving kan balansen vere endra så ver varsam med trappegang så lenge armen er nomen. 

Smertestillande behandling 

Dei fleste vil trenge smertestillande tablettar etter at blokaden har slutta å verke. Du vil få skriftleg informasjon om kva tablettar du skal ta etter operasjonen og når du skal ta dei. Det er svært viktig at du følger våre oppfordringar og spesielt viktig at du tar smertestillande allereie før blokaden har slutta å verke. Dette er for å få ein overlappande effekt. 

Dersom blokaden framleis verkar når du skal gå og legge deg om kvelden skal du uansett ta dei anbefalte smertestillande tablettane for å unngå at du vaknar midt på natta med sterke smerter. 

Dersom du opplever at arm eller bein fortsatt er nummen etter 48 timer, må du ta kontakt med sykehuset.  

 

Kontaktinformasjon: 
Dagkirurgisk seksjon (åpen mandag til fredag klokken 08-17) - 55 97 04 97 
Sengepost – heile døgnet: 55 97 37 57 

Operasjonssår 

  • Du har fått ny bandasje på operasjonssåret før utreise fra sykehuset. Når du kommer hjem, kan du selv skifte bandasjen om denne blir gjennomsivet, løsner, blir skitten eller våt. En tørr og ren bandasje kan ligge på såret i 5 dager. En bør bruke bandasje på såret til stingene er fjernet, eller i ca 14 dager når det er sydd med sting som ikke skal fjernes. Bandasjer får du kjøpt på apoteket. 

 

  • Du har fått en gjennomsiktig bandasje som tåler vann. Denne kan ligge på frem til stingene fjernes om den er tørr og ikke har løsnet. 

 

Vask alltid hendene før og etter skifte av bandasje.  

  • Du har stifter eller sting med farge som skal fjernes: 
  • hos fastlege, eventuelt hjemmesykepleie  
  • på poliklinikken ______ uker etter operasjonen.  
  • Du har sting av gjennomsiktig/fargeløs tråd som løser seg opp selv. Dette kan ta noen uker.  

Etter cirka tre uker kan du klippe av trådendene/knutene, bruk da en ren saks.  

Sting som løser seg opp selv er gjerne dekket med strips. De bør ligge på i minst 14 dager eller til de faller av selv.  

 

Dusjing 

  • Du har spesialbandasje som tåler vann, denne trenger ikke dekkes til eller skiftes i forbindelse med dusjing. 
  • Du har bandasje som bør dekkes til ved dusjing. Du bør ikke dusje de første 48 timene etter operasjonen. Skift alltid bandasje etter dusjing dersom denne er våt, og la såret lufttørke før du legger på ny.  

 

Ved tildekking av bandasje i forbindelse med dusjing kan du bruke 

  • plastfilm kjøpt på apotek 
  • plastpose rundt fot/arm som teipes igjen i overkant og underkant  
  • egen dusjbeskyttelse/-pose kjøpt på apotek 

 

Du kan dusje uten å dekke til bandasjen når sting/strips er fjernet og såret er grodd. 

Ved dusjing skal du unngå såpe i såret, skyll sårområdet godt med rent vann til slutt.  

Gips må alltid dekkes til ved dusjing. 

 

Infeksjonstegn 

Ved mistanke om infeksjon i operasjonssåret, må du snarlig ta kontakt med ortopedisk avdeling slik at lege kan vurdere behov for videre tiltak.  

Tegn på infeksjon er: 

  • Rødhet, hevelse og varme i huden 
  • Økende/vedvarende siving fra såret  
  • Økende smerter 
  • Feber 
  • Generell sykdomsfølelse 

 

Gips 

Ved gipsbehandling må du være oppmerksom på tegn til at gipsen er for trang eller gnager. Hold gipset arm/fot hevet for å få minst mulig hevelse. Dette er spesielt viktig de første dagene etter utreise. Ved for trang gips eller gips som gnager ta kontakt med ortopedisk avdeling. Ved sterke smerter på grunn av  trang gips kan du klippe opp gipsen og kontakte ortopedisk avdeling.  

 

Smerter  

Det er helt normalt å ha smerter fra det skadde/opererte området når du kommer hjem. De smertestillende du får resept på av oss, skal brukes og trappes ned etter anvisning.  Ved behov for mer smertestillende de første to ukene etter utreise kan du ta kontakt med ortopedisk avdeling. Etter dette tar du kontakt med fastlegen din.  

Mange pasienter har behov for avføringsmidler for å forhindre forstoppelse. Dersom du har fått avføringsmidler under oppholdet bør du fortsette med dette så lenge du bruker smertestillende og/eller har treg mage. Sykepleier vil informere deg om dette ved utreise. Du kjøper disse uten resept på apoteket. 

Hevelse 

Etter skade/operasjon er det normalt med hevelse og misfarget hud i det skadde/opererte området. Normalt vil hevelsen avta de første dagene, men kan øke igjen når en begynner å være mer oppe og den skadde/opererte kroppsdelen henger ned.  

Hevelsen kan reduseres ved å holde det skadde/opererte området høyt og fortsette å gjøre de øvelsene du fikk instruksjon i under innleggelsen. Elastisk bind/kompresjonsstrømpe kan også bidra til å redusere hevelsen. 

Ved stor hevelse som ikke avtar etter ovennevnte tiltak kan du ta kontakt med ortopedisk avdeling for en vurdering. 

 

Aktivitet 

Etter en operasjon er det viktig at du er i aktivitet så mye som mulig, om du ikke får annen beskjed. Følg instruksjoner/ skriv som du har fått av fysioterapeut/lege. 

Hjelpemidler 

Dersom du etter hjemreise ser at du trenger hjelpemiddel i hjemmet, kan du ta kontakt med forvaltningen i kommunen du bor i.  

De som bor i Bergen kommune kan låne hjelpemidler (toalettforhøyer, toalettstol, dusjkrakk, gåstativ med mer) fra Hjelpemiddelhuset i Kokstaddalen 43, tlf 53 03 48 80. 

 

Plan for oppfølging 

  • Kontroll hos lege på ortopedisk poliklinikk om ­­______________  
  • Kontroll til fysioterapeut ved ortopedisk avdeling om _______________ 
  • Ringetime fra lege om _______________________  
  • Røntgen i forkant av kontrolltimen  
  • Blodprøver i forkant av kontrolltimen 
  • Ingen kontroll planlagt 

 

Ved medisinsk behov for pasientreise til første kontrolltime grunnet aktuell skade/operasjon, ta kontakt med ortopedisk poliklinikk kontor (tlf 55 97 28 37). 

 

 

Informasjon på internett 

På Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge kan du logge deg inn for å lese journaldokument fra oppholdet ditt.  

Haukeland Universitetssjukehus sitt nettsted Behandlinger - Helse Bergen HF har pasientinformasjon om behandlingen av mange av de ortopediske lidelsene/skadene. 

Informasjon angående pasientreiser: www.pasientreiser.no  

 

Kontaktinformasjon: 

Det første døgnet etter utreise kan du ringe sengeposten du var innlagt på om det er noe du lurer på knyttet til innleggelsen/utskrivelsen.  

  • Ortopedisk post Vest: 55 97 37 57 
  • Ortopedisk post Syd: 55 97 37 50 
  • Ortopedisk post Øst: 55 97 37 60 
  • Ortopedisk infeksjonspost: 55 97 55 20 

 

Etter dette kan du de to første ukene, ringe ortopedisk poliklinikk på hverdager kl. 09:00-15:00, telefon 55 97 28 37.  

Sarkomsenteret har eget telefonnummer: 55 97 28 22  

 

På helg og etter kl 15:00 kan du ta kontakt med sengeposten du var innlagt på. 

 

 

Våre fagområde og behandlingstilbod

Her finn pasientar og pårørande informasjon om spesialiserte fagområde.

Traume OT vest

Ryggseksjonen behandlar ryggbrot, spreiing av kreft til rygg og skjelett, skeivstillingar og slitasje i ryggen. 

Barneseksjonen behandlar barneortopediske lidingar og skadar. 

Proteseseksjonen behandlar lidingar i ledd med operativ protesebehandling.
Seksjonen har også ei eiga hoftebruddseining

Helse Bergen har landsfunksjon på tetrakirurgi. Ved å flytte på musklar og sener, og transplantere sener frå beina, kan pasientane få strekkevne i olbogen og handleddet, og eit aktivt eller passivt grep i handa.

Ved Senter for bein- og bløtdelssvulstar - Sarkomsenteret behandlar vi kreft i muskulatur og skjelett. Senteret blir driven i samarbeid med Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk.

Ortopedisk infeksjonspost har ansvar for behandling av infeksjonar i relasjon til bein og ulike metallimplantat. Behandlinga blir utført i samarbeid mellom spesialistar innan ortopedisk kirurgi og infeksjonsmedisin.

Diagnostikk, kirurgi og forsking

Informasjon om undersøkingar, behandling og fagutvikling.

Operasjonar blir gjort på Sentraloperasjonen i Sentralblokka, ved Dagkirurgisk seksjon i Sentralblokka, ved Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje og i Akuttmottaket i 1. etasje. 

På Dagkirurgisk seksjon opererar vi tilstandar som ikkje treng innlegging, som til dømes artroskopi av meniskskadar i kneleddet.

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Dei fleste pasientane er barn.

  • Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd 
    Leddregisteret driv løpande innsamling av data frå heile Noreg om leddprotesar, hoftebrot og korsbandsskadar.
  • BioMatLab
    Forskingsgruppa for biomateriale (Biomaterial Research Cluster) arbeider med forsking, undervising og formidling i samband med kunstige materiale som blir brukt på menneske. Dette omfattar både grunnforsking og klinisk forsking. Forskingsgruppa har breidt samarbeid med medisin og andre fagfelt.

 

Utdanning og karriere

For jobbsøkjarar, studentar og legar i spesialisering.

Slik er det å jobbe hos oss


Leiing

 

Ortopedisk avdeling, HUS

Direktør Kjell Matre
 
  • Fagmedisinsk avdeling (legetenesta, poliklinikk og merkantil):
    AvdelingssjefJonas Meling Fevang
  • Sjukepleietenesta (sengepostane)
    Avdelingssjef Ingrid Merete Hjelle
  • Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd
    Seksjonsoverlege og professor Ove Nord Furnes
  • BioMatLab
    Forskar Paul Johan Høl

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

55 97 56 70

Poliklinikk /innleggelse

55 97 28 37

OT Vest - Rygg/sarcom & traumatologi

55 97 37 57

OT Aust: Traumatologi / Funksjonsforbetrande kirurgi

55 97 37 60

OT syd - Protese / hoftebrot

55 97 37 50

Ort. infeksjonspost

55 97 55 20

Ganglaboratoriet

55 97 70 70

Endre eller avbestille time

Endre eller avbestille time
Dersom du ikkje kan nytte timen du har blitt tildelt må du gi beskjed om dette snarleg slik at vi unngår unødig ventetid for andre pasientar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:

Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.

Ortopedisk infeksjonspost i 4. etasje
Sengepostane OT syd, OT vest og OT aust i 7. etasje.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen ​

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

​Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
​Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.