Sarkomsenteret

Sarkom er kreftsvulstar som oppstår i bein- eller blautvev (det vil seie bindevev, feittvev, musklar, sener og lignande). Førekomst av sarkom er sjeldan (mindre enn ein prosent av alle nye krefttilfelle). Nødvendig utgreiing og behandling blir utført av ei fleirfagleg spesialistgruppe i regi av Senter for bein- og blautvevssvulstar ved Haukeland universitetssjukehus. Sarkomsenteret ved Haukeland gir tilbod til pasientar med sarkomsvulstar frå heile landet, og har, saman med Radiumhospitalet, nasjonalt ansvar for kirurgi av beinsarkom. Både Kreftavdelinga og Ortopedisk avdeling deltar i drifta av senteret.   Fleirregional behandlingsteneste for kirurgi ved beinsarkom er ein del av Sarkomsenteret.

Flerregional behandlingstjeneste for kirurgi ved bensarkom

Den flerregionale behandlingstjenesten omfatter kirurgisk behandling av bensarkomer, samt diagnostikk og utredning av bensarkomer innenfor patologi, radiologi, onkologi og kirurgi, og nødvendig oppfølging av pasienter med komplekse skjelettrekonstruksjoner. Kirurgi for bensarkomer innebærer som regel fjerning av større deler av knokler eller ledd, ofte med tilgrensende muskulatur og andre strukturer. De fleste pasientene kan unngå amputasjon. Korrekt primær kirurgisk behandling av bensarkomer har stor betydning for både overlevelse og funksjon hos disse pasientene. Utredning og kirurgisk behandling av bensarkomer krever tverrfaglig høyspesialisert kompetanse. Det er få nye tilfeller årlig. For å sikre god kvalitet, er tjenesten sentralisert til én flerregional behandlingstjeneste lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF og Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus.

Sarkomgruppa ved Haukeland

Sarkomgruppa består av eit tverrfagleg team av spesialiserte onkologar (kreftlegar), ortopedar, radiologar, patologar, kirurgar frå ulike spesialfelt, barneonkologar, spesialsjukepleiarar, fysioterapeutar og koordinator.Alle tilvisingar der det blir stilt spørsmål om sarkom blir dagleg vurderte av lege tilknytt Sarkomgruppa. Tre dagar kvar veke har vi faste sarkommøte der vi går gjennom tilgjengeleg diagnostikk (radiologi, biopsisvar med meir). Alle aktuelle spesialistar og koordinator er til stades på desse møta. På desse fleirdisiplinære møta blir det skissert ein plan for vidare utgreiing og behandling.I tilfelle der det ikkje er nødvendig å iverksetje tiltak ved vårt sarkomsenter (mottatte røntgenbilde til konsultasjon), sender vi skriftleg råd til tilvisande lege. Ved hastetilvisingar organiserer koordinator ad hoc-møte mellom aktuelle legar.  


Gruppebilde av tilsette rundt bord på møterom. Foto
     

Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus samarbeider tett med Skandinavisk Sarkomgruppe (SSG). SSG blei etablert i 1979 og vår målsetting er å bidra til forsking, samt harmonisere behandlinga av sarkom i dei skandinaviske landa.
Sidan 1986 har SSG samla inn data om sarkompasientar til eit skandinavisk kvalitetsregister som dannar grunnlag for både forsking og kvalitetssikring av behandlinga. Vidare samarbeider Sarkomsenteret med europeiske og nord-amerikanske sarkomorganisasjonar, både gjennom deltaking i kliniske studiar og ved kompetanseutvikling i form av internasjonale kurs og møte.

Sarkomgruppa ved Haukeland universitetssjukehus er eit tverrfagleg team som består av av onkologar, radiologar, patologar, ortopedar, kirurgar, spesialsjukepleiarar og koordinator.

Leiar

Clement S. Trovik, professor dr. med

Ortopedar

Clement Trovik, Overlege
Anders Sund, Overlege
Kathrin Pulverer, Lege i spesialisering

Onkologar

Odd Monge, Overlege
Dorota Goplen, PhD ,Overlege
Nina Jebsen, PhD ,Overlege
Anne Nadine Lorentzen, Kst overlege
Cornelia Schuster, Kst overlege
Irini Ktoridou-Valen, Kst overlege

Gastrokirurgar

Frank Pfeffer, PhD, Professor
Kjell Øvrebø, Phd, Overlege

Radiologar

Per Martin Kristoffersen, Seksjonsoverlege
Svein Halvorsen, Overlege
Nils Vetti, PhD, Overlege
Stig Jellestad, Overlege
Jenny Hild Aase Husby, PhD, Overlege

Patologar

Hans Kristian Haugland ,PhD, Seksjonsoverlege
Ellen Berget, Overlege
Cecilie Askeland, Overlege

Einingsleiar/koordinator

Anne-Lise Salbu

Koordinator

Cathrine Larsen Sande

Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus deltar i nasjonale, skandinaviske og internasjonale protokollar som omfattar både basalforsking, kliniske utprøvingsstudiar og etablerte behandlingsprogram.

Pasientar som blir behandla ved Sarkomsenteret kan derfor bli spurde om å delta i forsking på frivillig basis. Dei fleste behandlingsprotokollar som sarkomsenteret følgjer, er baserte på eit breitt internasjonalt samarbeid mellom ulike sarkomorganisasjonar i vestlege land. For behandling av barn med sarkom gjeld særskilte studiar og retningslinjer.

Aktuelle behandlingsprotokollar/studiar ved sarkom er:

Blautvevssarkom

SSG XX (Adjuvant kjemoterapi og akselerert strålebehandling ved høgrisiko blautvevssarkom i ekstremitetar og kroppsvegg)

SSG XVII (Anbefalingar for diagnose og behandling av intraabdominale, retroperitoneale og uterine sarkom)

SSG XIX (Anbefalingar for behandling av metastatisk blautvevssarkom hos vaksne).
SSGXXII Tre versus fem år adjuvant imatinib ved høyrisiko resektabel GIST

ALTGIST, Alternerende imatinib (Glivec) og regorafenib (Stivarga) som 1. linje ved metastatisk GIST .

EpSSG RMS (Behandling av ikkje-metastatisk rhabdomyosarkom hos barn)

EpSSG RMS-MET (Behandling av metastatisk rhabdomyosarkom hos barn)

EpSSG NRSTS (Behandling av non-rhabdo blautvevssarkom hos barn)

Beinsarkom

Euramos 1 (Behandlingsprotokoll for resektable osteosarkom)

Euroboss (Optimalisering av behandling av beinsarkom hos pasientar over 40 år)

ISG/SSG III (Behandlingsprotokoll for ikkje-metastatisk Ewing’s sarkom)

ISG/SSG IV (Behandlingsprotokoll for høgrisiko Ewing’s sarkom)

rEECur Internasjonal randomisert kontrollert studie ved kjemoterapi ved tilbakefall eller primær behandlingssvikt ved Ewings sarkom.

Internasjonalt samarbeid

Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus deltar i internasjonale studiar/behandlingsprotokollar (sjå over), og samarbeider tett med internasjonale sarkomorganisasjonar som EMSOS,  CTOS, EORTC, ISOLS gjennom forsking, kurs og møte.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokka
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sarkom, bein- og blautvevssvulstar

Sarkom er svulstar som oppstår i bein eller blautvev. Desse svulstane er sjeldne og utgjer berre omlag 1 % av alle nye krefttilfelle. Her finn du meir informasjon om dei ulike sarkoma og om behandlinga av dei.
Behandling av sarkom, bein- og blautvevssvulstar
ansatt snakker med pasient