Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Legemiddelassistert rehabilitering er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling til personar som er avhengige av heroin eller andre opioid (morfinliknande stoff)

I behandlinga nyttar ein legemiddel som inneheld metadon eller buprenorfin, eller både buprenorfin og nalokson (t.d. Suboxone). Bruk av desse legemidla gjer at pasientane ikkje lenger har behov for heroin. Det gjer rehabilitering og behandling av andre lidingar hos pasienten mogleg.

Formålet med legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Kvar poliklinikk har eit tverrfagleg team med sosionomar, vernepleiarar, sjukepleiarar, merkantilt personale, lege og psykolog. Du får din eigen behandlar som følgjer deg opp.

Vi samarbeider tett med kommunale helse- og sosialtenester for å gi best mogleg hjelp.  

Pasientane blir følgde opp ved overvaka inntak av LAR-legemiddel på poliklinikkane i bydelane, eller vi kjem til deg der du er.

Vi tilbyr integrert behandling etter biopsykososial modell. Det betyr at vi ser på heile mennesket – ikkje berre rusproblemet.

 

Kontakt

Telefon

Sentralbord Rusmedisin

55 97 01 00
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT
For generelle spørsmål om LAR

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Adresser

LAR Arna og Åsane

Åsamyrane 271
5131 Nyborg

LAR Fana og Ytrebygda

Apeltunvegen 2
5222 Nesttun

LAR Heroinassistert rehabilitering

Håkonsgaten 1
5015 Bergen

LAR Laksevåg og Fyllingsdalen

Damsgårdsveien 227
5160 Laksevåg

AFR LAR vurdering og inntak

Østre Murallmenningen 7
5021 Bergen

LAR Øvregaten

Øvregaten 37
5003 Bergen

LAR Årstad

Kanalveien 5
5009 Bergen