Alkoholproblemer, rus- og avhengighetsbehandling

Når alkoholbruken har komme ut av kontroll, og du har utvikla ein avhengnad, vil ein vesentleg del av behandlinga vere å få kontroll på impulsane til å bruke alkohol – uansett årsak.

Tilvising og vurdering

Du må ha tilvising for å få eit tilbod innan tverrfagleg spesialisera rusbehandling (TSB).

Det er ein fordel om du sjølv deltar når tilvisinga blir skrive, slik at riktige opplysningar og deg, din situasjon og kva du ønsker oppnå med behandlinga kommer fram. Tilvisinga blir vurdert, og du får beskjed innan ti dagar om du får eit tilbod i TSB. De fleste får først ein time på ein ruspoliklinikk.


TSB omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenestar.

Kven kan tilvise?

Tilvising til TSB kan komme frå

  • sosialtenesten/NAV
  • barneverntenesten
  • fastlege/allmennpraktiserande lege
  • privatpraktiserande legespesialist eller psykolog (spesialist)
  • lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • lege i fengselshelsetenesta
  • anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den innehalder mest mogeleg komplett informasjon om deg (pasienten) og forhald rundt deg.

Tilvisinga skal innehalde følgande informasjon:

  • Personopplysningar (namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer)
  • Familieforhald / sosial status
  • Sysselsetting / trygdestatus / eventuelle økonomiske vanskar
  • Uteståande dommar / planlagt soning
  • Historikk for rusproblematikk, inkludert tidligare behandling og beskriving av situasjonen i dag
  • Historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksatt eller planlagt habilitering / rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til individuell plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
  • Relevante epikrisar
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling


Før

Når du har fått innkalling til første samtale er det fint om du forbereder deg, gjerne i samarbeid med tilvisar eller pårørande. Det kan vere ting du vil utdjupe, spørsmål du har, eller du ønsker å legge til opplysningar som ikkje er skreve i tilvisinga. Noter gjerne ned på ei liste så du husker alt.

Under

På poliklinikken vil vi starte kartlegging og utgreiing i samarbeid med deg for å avklare ditt behandlingsbehov og -mål. Saman med deg vil vi snakke om rusmiddelbruk, psykisk helse og somatisk helse – inkludert eventuelt tannhelse og ernæring. Vi ønsker også å danne oss eit godt bilete av din sosiale situasjon og korleis du har det og fungerer i kvardagen med skole/jobb, økonomi og familieforhold. Alt samla vil danne grunnlag for din behandlingsplan.

Det kan vere aktuelt at dine pårørande blir involvert, dersom du ønsker det. Vi ønsker også å etablere eit godt samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar i din kommune/bydel.

Du kan lese meir om kartlegging og utgreiing i rusbehandling i den nasjonale retningslinja.

Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtaler og eventuelt gruppebehandling og par- og familiesamtaler.

Behandlaren din vil som regel ha ansvaret for å legge til rette for eventuell døgninnlegging. Ved behov for døgnbehandling vil du bli tilvist videre til ein døgninstitusjon som tar imot pasientar til behandling for alkoholavhengigheit. Det kan vere du vil ha behov for opphald på ein eining for avrusning før behandlinga.

Under ei døgninnlegging oppheld du deg på institusjonen. Det er mange ulike avdelingar og institusjonar, og du kan lese meir på helsenorge.no og avdelinga/institusjonen heimeside. Personalet er tverrfagleg samansett, og du vil få oppfølging av miljøterapeutar, psykologar og legar.

Ttilbodet der kan blant anna bestå av miljøterapi, individuelle samtaler og eltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. Etter døgnopphaldet er det vanleg å få tilbod om poliklinisk oppfølging ein periode.

For å få ei heilskapleg og trygg oppfølging får du tilbod om ein individuell plan og ei ansvarsgruppe gjennom heile behandlingsforløpet og etter at du er utskriven frå spesialisthelsetenesta. Både ved poliklinisk behandlingstilbod og ved døgninnlegging har vi eigen barneansvarleg som ein ressurs for barn som er involvert.

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Etter

Etter behandling ved poliklinikk eller opphald i ein døgninstitusjon overtar det lokale hjelpeapparatet, det vil seie fastlege og kommune. Før du blir utskriven frå døgnbehandling, vil vi ha møte og samtaler med ditt lokale hjelpeapparat. Ved utskriving mottar du og behandlaren din eit avslutningsbrev som er ei oppsummering av opphaldet og ei anbefaling av vidare tiltak.

Når du er ferdig med opphaldet i døgnavdelinga, overtar poliklinikken og den polikliniske behandlaren oppfølginga dersom du ønsker det.

Kontakt

Engenhuset Rusmedisin AFR
Ventetid: 5 - 16 uker

Ventetid: 5 - 16 uker

Kontakt Rusmedisin AFR
Foto av en bygning

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen

Dr. Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

floen

Floen, Manger, Nordhordland

Toskavegen 400

5936 Manger

inngangsparti askøy. foto

Haugane 8, Askøy

Haugane 8

5307 Ask

hvitt hus ved vannet.foto

Møllendalsveien 31

LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Seksjonane Ambulant, Poliklinikk Engenhuset, Korttidspost Engenhuset, HAB og KoRus er samlokalisert i Engenhuset, Håkonsgaten 1

 

 

Ventetid

6 uker til innleggelse

6 uker til poliklinisk utredning/behandling

5 uker til poliklinisk utredning/behandling

16 uker til innleggelse

Praktisk informasjon

Utvalde avdelingar i Helse Bergen nyttar videokonsultasjonar. Her kan du lese meir om sikkerhet, personvern og praktiske instruksjonar om korleis du nyttar tjenesta:

Videokonsultasjon med behandlar via join.nhn.no

Du får dekt delar av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetenester. Det er ulike eigendelar avhengig av type helseteneste.

Les meir

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Ventetida varierer ut frå kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient.

Om sjukdommen blir forverra i ventetida, er det viktig at du kontaktar fastlege / tilvisande lege. Fastlege / tilvisande lege må då sende utfyllande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endrast.

Hugs at du kan avbestilla ein time ved å gå inn på helsenorge.no. Du må gi beskjed seinast 24 timar før.

Digital dialog om timeendring