Allergiutredning hos lungespesialist, voksne
Allergi er hyppig førekommande i befolkninga og viser seg å auke i førekomst. Ein kan ha allergirelaterte symptom frå øvre og nedre luftvegar, mage og tarm eller frå hud. Fastlegen vil ofte kunne greie ut og behandle allergi, men nokre gonger er det behov for at fastlegen tilviser til spesialisthelsetenesta for utgreiing og/eller behandling.
Kva er astma?
Astma er ein kronisk betennelses- eller irritasjonstilstand i luftvegane. Ein blir særleg følsam i luftvegane, og dette kan føre til gjentatte episodar med hoste, tettleik i brystet, tung pust eller surkling, særleg om natta eller tidleg om morgonen. Mellom episodar med forverring kan pusten vere normal. Nokre gonger kan astma komme av eller bli forverra av allergi.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har mistanke om astma eller det er behov for ytterlegare utgreiing eller behandling, kan du bli tilvist til astmautgreiing i spesialisthelsetenesta. Når det er mistanke om at allergi er ei medverkande årsak, kan du bli tilvist til ei kombinert allergi- og lungevurdering.
Før
Når du skal til allergiutgreiing, må du ta med liste over dei faste medisinane dine. Avhengig av kva undersøkingar som skal gjerast, vil det kunne vere aktuelt med førebuingar heime. Dette blir du informert om ved innkallinga til timen. Det kan vere at du skal stoppe med allergitablettar eller astmamedisin. Dersom det ikkje er gitt beskjed om anna, skal du ta dei medisinane som er føreskrivne.
Under
Etter
Vidare forløp avheng av konklusjonen ved utgreiinga. Dersom ein påviser astma, kan det bli nødvendig med inhalasjonsmedisinar. Det kan vere behov for ytterlegare kontrolltime for vidare utgreiing, og det kan bli sett i gang eit behandlingsprogram. Du kan også få vidare oppfølging hos fastlegen din, eller det kan vere vi ikkje finn grunnlag for mistanke om allergi som årsak til plagene dine. Ved allergisk astma som blir verre i pollensesongen til tross for god symptomdempande behandling, kan allergenspesifikk immunterapi – også kalla allergivaksinasjon – vere ein del av behandlinga.
Kontakt
Konrad Birkhaugs hus
Yrkesmedisinsk avdeling
Ventetid: 12 uker
Ventetid: 12 uker
Kontakt Yrkesmedisinsk avdelingOppmøtestad
Arbeidsmedisinsk poliklinikk ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
Konrad Birkhaugs hus, 2. etasje.
Telefon 55 97 38 75
Konrad Birkhaugs hus
Jonas Lies vei 79
5021 Bergen