Angiografi og intervensjon
Angiografi er ein metode for kateterbasert undersøking av blodårene i kroppen, der ein nyttar røntgenstråling og kontrastmiddel for å framstille blodårene. Dersom ein brukar denne metoden som vegleiing for å utføre ulike behandlingar vert det kalla intervensjon.
Før
Før du kjem til oss
Pasientar til undersøking av blodårene har vore til forundersøking hjå lege og vert lagd inn på sengepost i forkant av undersøkinga. Du vil der frå informasjon om den planlagde behandlinga.
- Du må vere fastande.
- Det vil bli lagd inn veneflon i armen, og aktuelle blodprøvar vert tekne.
- Du vert køyrd i seng til undersøkelsesrommet på Radiologisk avdeling.
- Hugs å ta med deg liste over faste medisinar du brukar.
- Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.
- Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan, Xarelto, Pradaxa eller Eliquis.
Under
Undersøking
På Radiologisk avdeling vil du bli møtt av to radiografar. Sjølve undersøkinga blir utført av lege med spesialisering innan røntgen og intervensjon (intervensjonsradiolog) i samarbeid med radiograf.
Før undersøkinga er det også her ein del førebuingar og radiografen vil stille deg nokre spørsmål. Hår vert barbert vekk i operasjonsfeltet (ofte begge lysker), huda vert desinfisert og du får eit operasjonsdekke over deg.
Blodtrykk og puls vert måla kontinuerleg. Totalt vil denne prosedyren ta 1- 3 timar. Radiologen startar med å gje deg lokalbedøving. Du vil vera vaken under inngrepet, men få avslappande og smertelindrande medikament etter behov.
Kontrastmiddel vert nytta undervegs, mange får ei varmekjensle av denne. Når bedøvelsen har fått virke vert det lagd inn ei hylse i ei hovudpulsåre. Denne fungerer som tilgong til blodåra, og det er no mogeleg å føre diverse utstyr, som tynne kateter og mandrengar, gjennom denne.
Det vil bli gjort angiografi for å kartleggje det aktuelle området. Behandlinga vert planlagd undervegs etter kva kontrastbileta viser.
Behandling
For pasientar med tette blodkar kan det vera aktuelt å blokke ut dei tette områda (PTA), legge stent eller setje medikamentell behandling lokalt i området som er heilt eller delvis tett.Ved utposingar i blodårene (aneurismer) kan me dekke over skaden i karet med eit stentgraft. Dette vil hindre ny blodtilførsel til aneurismet, og forhindre vidare utvidelse av blodåra. Avhengig av lokalisasjon og storleik kan aneurismer også behandlast med andre teknikkar.
Døme på dette er coiler og partiklar som vil fylle utvidinga og slik hindre at denne veks og sprekk. Metoden kan også nyttast til pågåande blødningar. Med svært tynt utstyr kan ein nå ut i små kar og stoppe blødningar lokalt. Kva metode som vert nytta vert grundig vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Etter
Etter undersøking
Sengeleie etter behandlinga varierer mellom 1- 4 timar, avhengig av kva metode som vert nytta for å lukke tilgongen til blodåra. Det mest vanlege er å leggje ein stram trykkbandasje på innstikkstaden i lysken.
Dersom anatomien og innstikket ligg til rette for det, er det mogeleg å leggje ein "plugg" for å kunne lukke opninga i karet på den måten. Det er viktig at du ligg heilt roleg og flatt i senga for å unngå blødning. Denne tida må du liggje til observasjon på sengepost. Sjukepleiar vil måle blodtrykk og puls undervegs.
Ved reiseveg mindre enn ein time og ukomplisert forløp vil du som oftast kunne dra heim same dag.Det er viktig å drikke godt før og etter ei undersøking der ein har fått kontrastmiddel.
Kontakt
Sentralblokka
Radiologisk avdeling, Intervensjon
Oppmøtestad
Vi heldt til i Sentralblokka på Haukelandsområdet, 1. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen