Diagnose

Antifosfolipidsyndrom

Antifosfolipidsyndrom er ein autoimmun sjukdom. Det vil seie at kroppen sitt eige immunforsvar er overaktivt og angrip eige vev.

Fosfolipid er feittstoff som fins i overflata til alle celler. Hjå nokre personar dannar immunsystemet antistoff mot fosfolipid eller mot protein som er knytt til desse. Antistoffa aukar risikoen for å danne blodpropp og er òg knytt til ein auka risiko for spontanabortar eller dødfødslar hjå gravide.

Diagnosen antifosfolipidsyndrom vert stilt hjå personar som har desse antistoffa, og som samtidig har hatt blodpropp eller visse typar svangerskapskomplikasjonar. Mange menneske har slike antistoff utan nokon gong å få svangerskapskomplikasjonar eller blodpropp. Ein har då ikkje antifosfolipidsyndrom.

Utbreiing

Antifosfolipidantistoff er relativt utbreidd hjå friske personar, og ein reknar med at 1-5 % av befolkninga har slike antistoff.  Fleire eldre enn yngre har antistoff, og dei er òg vanlegare hjå personar som har ein annan revmatisk sjukdom, som for eksempel SLE (Lupus). Sjølv om funn av antistoff er relativt vanleg hos friske personar, er antifosfolipidsyndrom ein svært sjeldan sjukdom, og omtrent halvparten av dei med antifosfolipidsyndrom har i tillegg ein annan revmatisk sjukdom, oftast SLE. 

Utgreiing

Symptom og sjukdomsteikn

Typiske symptom på antifosfolipidsyndrom er blodpropp i arterier og vener, samt svangerskapskomplikasjonar i form av abortar eller for tidlege fødslar.  Eitt av desse symptoma er naudsynte for å få stilt diagnosen. Andre symptom kan vere visse typar hudendringar (Livedo reticularis), lavt blodplatetal og lav blodprosent. 

Fastsetting av diagnose

For å sette diagnosen antifosfolipidsyndrom må ein både ha antistoff i blodet og eit typisk symptombilete. Antistoffa må vere til stades i to blodprøvar som er tatt med minst 12 veker i mellom.  





Behandling

Behandling

Pasientar med antifosfolipidsyndrom vert behandla med blodfortynnande medisin i form av Marevan. I utgangspunktet skal ein ha denne behandlinga heile livet. Gravide skal ikkje bruke Marevan og blir oftast behandla med ein annan form for blodfortynnande medisin. 

Hos pasientar som har ein revmatisk sjukdom i lag med antifosfolipidsyndrom kan andre medikament vere aktuelle, då særleg Plaquenil. 


Oppfølging

Pasientar med antifosfolipidsyndrom vert følgde hos revmatolog, hematolog eller fastlege, eventuelt gjennom eit samarbeid mellom desse. Under svangerskap vert ein òg følgt opp av gynekolog. Det er viktig at graviditet vert planlagt i samråd med lege, slik at ein får best mogleg oppfølging under graviditeten. 

Vil du vite meir?

Følgjande nettstader kan vere nyttig om du har lyst på meir utfyllande informasjon:

http://bindevevssykdommer.no

Informasjon på Engelsk:

http://www.rheumatology.org/I-Am-A/Patient-Caregiver/Diseases-Conditions/Antiphospholipid-Syndrome

Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.