Familiær hyperkolesterolemi

Familiær hyperkolesterolemi (FH), ei form for arveleg høgt kolesterol, er ein tilstand som gir høgt kolesterol i blodet, og auka risiko for hjarte- og karsjukdom. Du kan redusere risikoen stort ved å bruke kolesterolsenkande medisinar og ha hjartevennleg kosthald og livsstil.

Høyt kolesterol kan være arvelig og kalles da familiær hyperkolesterolemi (FH). Årsaken til tilstanden er en genfeil som gir høyt kolesterolnivå i blodet.

Les meir på helsenorge.no

Førekomst

Heterozygot FH er den vanlegaste forma, då er FH arva frå éin av foreldra. Homozygot FH er svært sjeldan, då er FH arva frå begge foreldra og gir ekstra høge kolesterolnivå.

Dei fleste som får time ved ein lipidpoliklinikk er tilviste av fastlegen. Fastlegen tilviser til dømes dersom du har høge kolesterolverdiar som blir målte i blodet, tidleg hjarte- og karsjukdom i familien eller dersom nokon i familien din har fått påvist FH.

Generelt er det tilrådd å vurdere gentest for FH ved ubehandla totalkolesterol over:

  • 6 mmol/L hos personar under 20 år
  • 7 mmol/L hos personar mellom 20–40 år
  • 8 mmol/L hos personar over 40 år

I Noreg blir kolesterol målt i eininga mmol/L.

Opplysningar det er behov for i tilvisinga

  • Informasjon om gentest for FH er teken eller ikkje, og eventuelt svar på denne. Dersom det er mistanke om FH og gentest ikkje er teken, bør dette gjerast før pasienten blir tilvist. Dette blir gjort ved at 3–5 ml EDTA blod blir sendt til Enhet for Hjertegenetikk, OUS Ullevål.
  • Lipidverdiar før eventuell behandling, under eventuell behandling og dei siste lipidverdiane før tilvising (totalkolesterol, LDL-kolesterol, HDL-kolesterol og triglyserider).
  • For eldre personar med hyperkolesterolemi, er det viktig med opplysningar om lipidstatus i yngre alder.
  • Aktuell og tidlegare lipidsenkande medikasjon. Eventuelle biverknader av lipidsenkande medisinar.
  • Oppdatert fullstendig medisinliste
  • Sjukehistoria til pasienten
  • Livsstil
  • Høgd/vekt/BMI
  • Familiehistorie med opplysningar om lipidverdiar, hjartesjukdom/-hendingar i familien med alder for debut av eventuell sjukdom.
  • Tilvisar må avklare med pasienten at han/ho ønskjer å bli vist til Lipidklinikken.

Utgreiing

Dei fleste blir tilviste til time ved ein lipidpoliklinikk av fastlegen. Diagnosen familiær hyperkolesterolemi (FH) blir stilt med garanti etter ein gentest for FH. Gentesten er ei vanleg blodprøve som blir send til analyse for dei genfeila (mutasjon) som fører til FH. Nokre pasientar tek gentesten som ei blodprøve hos fastlegen før dei får time på ein lipidpoliklinikk. Andre tek gentest etter å ha vore på ein lipidpoliklinikk første gong.

I nokre tilfelle kan diagnosen FH stillast sjølv om gentest ikkje påviser genfeil. Då stiller legen diagnosen klinisk FH ut frå ei vurdering av mellom anna kolesterolverdiar, undersøkingar og familiehistorie.

Dersom ein av foreldra har FH vil det vere 50 prosent sjanse for at barnet arvar genfeilen. Gentest for FH bør då takast innan 6–8 års alder. Først ved skulealder er det aktuelt med tilvising til ein lipidpoliklinikk dersom barnet har FH.

Behandling

Ved familiær hyperkolesterolemi (FH) er både kosthald, livsstil og medisinar ein del av behandlinga. For dei aller fleste med FH er det nødvendig å bruke medisinar for å redusere kolesterolnivået i blodet tilstrekkeleg. Kosthald og livsstil har også betydning for kolesterolnivået i blodet, og eit kolesterolsenkande kosthald er derfor ein del av behandlinga.

Høgt kolesterol over tid aukar risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdom. Med medisinar, hjartevennleg kosthald og livsstil som senkar kolesterolet, blir den totale kolesterolbelastninga gjennom livet lågare. Då blir også risikoen senka for å få hjarte- og karsjukdom, og risikoen ser då ikkje ut til å bli høgare enn hos dei som ikkje har FH.

Behandlinga av FH er livslang. Det er vanleg med time ved ein lipidpoliklinikk med 1–3 års mellomrom. I tillegg er det viktig at du blir følgd opp hos fastlegen din.

Medisinar

Det finst ulike typar medisinar som reduserer kolesterolet. Iblant er det også nødvendig å nytte fleire samtidig for å redusere kolesterolet tilstrekkeleg. Legen finn fram til den som passar deg best.

Det mest vanlege kolesterolsenkande medikamentet er statinar, som finst i ulike typar og dosar.

Døme på statinar er Atorvastatin(Lipitor), simvastatin (Zocor), pravastatin (Pravachol), rosuvastatin (Crestor), fluvastatin (Lescol), lovastatin (Lovastatin).

Andre medisinar som senkar kolesterolet er ezetimib (Ezetrol) og PCSK9-hemmere (Praluent, Repatha). Dei ulike medisintypane har ulike virkemåtar, og alle senkar kolesterolet i blodet effektivt.

Kosthald

Kosthald og livsstil har noko å seie for kolesterolnivået i blodet. Du kan senke kolesterolet i blodet ved å ha eit hjartevennleg kosthald.

Eit høgt inntak av metta feitt er ugunstig sidan det fører til at kroppen dannar meir kolesterol og kolesterolet i blodet aukar dermed ytterlegare. Eit kosthald med lågt innhald av metta feitt er derfor vesentleg. Det er i tillegg gunstig med eit høgt inntak av frukt/bær og grønsaker, fiberrike matvarer og velje matvarer rike på umetta feitt. Du bør ha eit lågt inntak av sukkerrike mat- og drikkevarer. Å byte ut matvarer med mykje metta feitt til magre variantar og byte til matvarer med umetta feitt kan senke kolesterolet stort, og igjen redusere risikoen for hjarte- og karsjukdom.

Vi tilrår at du legg om kosthaldet ditt dersom du ikkje allereie har gjort det. Kosthaldsråda baserer seg på nasjonal og internasjonal forsking omgjord til praktiske råd. Endringar i kosthaldet kan gi reduksjon av kolesterolet i løpet av få veker.

Praktiske råd for eit hjartevennleg kosthald

Vel magre meieriprodukt og magert kjøtt

  • Reduser inntaket av metta feitt. Metta feitt finst det mykje av i feite meieriprodukt og feitt kjøtt. Vel dei magre produkta, reint kjøtt og kylling utan skinn. Avgrens inntaket av smør, hard margarin, kaker, kjeks, hurtigmat, ferdigmat og snacks.

Vel feit fisk, flytande margarin/olje og nøtter

  • Vel matvarer med umetta feitt. Umetta feitt er feitt frå plante- og fiskeriket. Olivenolje, rappolje, solsikkeolje, mjuke/flytande plantemargarinar, nøtter, avokado og feit fisk er gode kjelder til umetta feitt.

Et rikeleg med frukt og grønsaker dagleg, og vel grove kornprodukt

  • Varier med ulike typar frukt, ber og grønsaker – til saman 5 porsjonar eller ei mengd tilsvarande 5 nevar dagleg.
  • Vel brød med 3–4 skraverte felt på brødskalaen som er merkt på brødposen, eller brød med meir enn 6 gram fiber per 100 gram.
  • Vel kornblandingar med meir enn 10 gram fiber og under 10 gram sukker per 100 gram.
  • Vel fullkornsris og fullkornspasta.

Avgrens inntaket av sukker

  • Reduser inntaket av sukkerhaldig brus, saft, nektar, jus, meieriprodukt med tilsett sukker, sjokolade, godteri, søtt pålegg, kaker, kjeks og søte dessertar

Meir informasjonen og brosjyren Kostholdsråd ved høge blodlipid» finst i informasjonsbrosjyrar frå

Nasjonal kompetanseteneste for familiær hyperkolesterolemi

og

Lipidklinikken ved OUS

Røykjeslutt

Røyking aukar risikoen for å få hjarte- og karsjukdom. Det er derfor ekstra viktig at personar med FH som røykjer, sluttar å røykje.
Les meir om hjelp til røykjeslutt på helsenorge.no

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet har mange gode effektar på helsa, også på kolesterol og for å førebyggje hjarte- og karsjukdommar. Det blir tilrådd å vere fysisk aktiv 150–300 minutt i løpet av ei veke.
Les meir om tilrådingar om fysisk aktivitet på helsenorge.no

 

Oppfølging

FH er ein tilstand som krev livslang behandling, og både kosthald, livsstil og medisinar er viktig i behandlinga. Oppfølginga er eit samarbeid mellom lipidpoliklinikk på sjukehuset, fastlegen din og deg som pasient.

Du vil få innkalling til kontrolltime ved ein lipidpoliklinikk med 1–3 års mellomrom, avhengig av behandlingsstad. Mellom timane på ein lipidpoliklinikk bør du éin gong i året bestille time hos fastlege for å kontrollere behandlinga og følgjande verdiar:

  • totalkolesterol
  • LDL-kolesterol
  • HDL-kolesterol
  • triglyserider
  • ASAT
  • ALAT
  • CK
  • kreatinin

Dersom legen på lipidpoliklinikk har endra type eller dose av medisin, bør du også bestille time hos fastlege for å måle dei same verdiane 1–2 månader etter at du har starta med den nye typen eller dosen medisin.

Informer slektningane dine

Dersom du sjølv har FH, og har eller får barn bør desse ta gentest for FH innan 6–8 års alder. Ved skulealder er det aktuelt med tilvising til time på ein lipidpoliklinikk dersom gentesten viser at barnet har FH.

At du sjølv har FH kan også bety at andre i slekta di har det. Legen din har ikkje lov til å kontakte familiemedlemmene dine og informere om at dei bør sjekke om dei også har FH. Å informere slektningane dine er derfor ei viktig oppgåve for deg. Du kan ta kontakt med Enhet for hjartegenetikk ved Oslo universitetssjukehus for informasjon og råd om korleis du kan ta kontakt med slektningane dine. Her kan også slektningane dine få hjelp på telefon etter at du først har vore i kontakt med slektningane.

Kontaktinformasjon til Enhet for hjartegenetikk

Kjelder for informasjon

Pasientorganisasjonen FH Norge

Nasjonal kompetanseteneste for familiær hyperkolesterolemi (NKT for FH)

Kontakt

  • Kontakt Hjartepoliklinikken

    Oppmøtestad

    Vi held til i 1. etg. i Sentralblokka. 
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Hjarterehabilitering

    Møllendalsbakken 9a

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.