Behandling, Ptose, engelsk ptosis
Augelokk: Hengande øvre augelokk
Ptose betyr nedhengande øvre augelokk som kjem av at muskelen eller sena som skal løfte augelokket er svak.Introduksjon
Ptose kjem oftast med alderen, men kan også vere medfødd eller eit symptom ved visse nervelidingar. Tilstanden kan vere så uttalt at augelokkskanten dekker pupillen slik at sidesynet blir betydeleg innskrenka.
Før
Du kan ete normalt og ta vanlege medisinar.
Unntak
Pasientar som får blodtynnande som førebyggande (og som ikkje har hatt hjerne- eller hjarteinfarkt før):
Dei blodfortynnande medisinane Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard skal ein ikkje ta seinare enn 10-14 dagar før operasjon. Medisinane Marevan og Pradaxa skal ikkje takast seinare enn 3 dagar før operasjon. Dersom du har kunstig hjarteklaff, ta kontakt med din eigen lege for spesialdosering. Du må då ha erstatningsblodtynnande (Fragmin-sprøyter).
Pasientar som har hatt (sjølv om det er lenge sidan) hjerne- eller hjarteinfarkt skal som ein hovudregel ikkje slutte med blodtynnande medisin før denne typen lettare kirurgi. Desse pasientane skal altså bruke blodtynnande medisin som vanleg, og heller leve med større blåmerke.
Dersom du tar annan blodfortynnande medisin enn dei som er nemnde her, kontakt eigen lege for dosering.
Du må møte utan sminke, parfymar og større smykke.
Under
Sjukepleiar gir deg bedøvande dropar i begge auga og huda rundt auga blir desinfisert. Du får tilbod om å ta roande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet. Hovudregelen er at ein opererer eitt auge om gangen, slik at du får ny time til ein eventuell operasjon av auge nummer to.
Om lag 20% av operasjonane for ptose endar ikkje med den høgda som pasient og kirurg ønskjer, sjølv når inngrepet blir utført av erfaren kirurg. Muskeleffekten er ikkje lett å føresjå og nervestyringa av dei to øvre lokka er bundne saman i ei «samkøyring» (Herrings lov). Re-operasjon kan difor nokre gonger bli nødvendig.
Legen teiknar snittlinjene på augelokkshuda.
Området rundt auga blir dekka med steril duk. Legen vil sette lokal bedøving i augelokka. Dette kan vere noko ubehageleg, og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du ingen smerter.
Dersom det er overflødig hud på augelokk, kan den fjernast under same operasjon. Augelokksmuskel blir stramma opp. Huda blir sydd med ein tynn tråd.
Operasjonen tar om lag 1,5 time, og det er viktig at du ligg roleg. Vi hjelper deg til rette undervegs.
Sting blir fjerna etter 7 dagar, hos eigen fastlege eller på Augepoliklinikken.
Etter
Operasjon gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker. For å redusere dette, kan du legge eit tørt kjølig omslag over auga i 15-30 minutt om gangen 3-4 gongar i løpet av operasjonsdagen. Du kan for eksempel bruke ein pose frosne erter pakka i eit handkle. Det blir noko vanskeleg å lukke det opererte auget heilt i eit par dagar, men dette går over etterkvart.
På operasjonsdagen må du ta det med ro. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet). Det er ikkje tilrådeleg å køyre bil.
Ein kan oppleve smerter/ubehag etter operasjon. Ta vanleg smertestillande, for eksempel Paracet.
Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid.
Unngå å klø og gni på huda, og hald såra tørre. Vær forsiktig med dusj og hårvask for å unngå at det kjem skyljevatn i såret. Augesminke anbefalast ikkje før stinga er fjerna.
Dersom du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.
Ver merksam
Bløding og infeksjon førekjem sjeldan. Dersom det likevel oppstår ei bløding du ikkje får stansa med kalde omslag, eller dersom såret blir raudt, varmt og irritert, må du oppsøke lege eller ringe Augeavdelinga på 55 97 41 00.
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Kontakt Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00 Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen