Augelokk, Innovervrengd nedre augelokk
Entropion er ein tilstand der kanten på augelokket vender innover, slik at augehåra skrapar mot auget ditt. Når dette skjer, kan det oppstå sår og betennelsar på hornhinna. Entropion er vanlegast hos eldre og kjem av slappheit i delar av vevet til augelokket. Entropion behandlar vi med operasjon.
Symptoma på entropion er augehår som rører ved hornhinna, noko som medfører irritasjon og tåreflod. Augehåra er ofte dekt av tårer og verk.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Bløding og infeksjon er sjeldan. Skulle det likevel oppstå ei bløding du ikkje får stansa med kalde omslag, eller om såret blir raudt, varmt og irritert, må du oppsøkje lege eller ringe Augeavdelinga på 55 97 41 00.
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00: Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.

Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen