Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Augelokk: Utovervrengd nedre augelokk- operasjon

Ektropion er ein tilstand der den nedre kanten augelokket vender utover. Ektropion er vanlegast hos eldre på grunn av slappheit i augelokket, men kan også førekomme ved sjukdommar som gjer at ansiktshuda strammar, og ved ansiktslamming. Ektropion blir behandla med operasjon. Behandlinga er avhengig av om det er heile eller delar av nedre augelokk som vender utover.

Symptom på ektropion er auka tåreproduksjon og tåreflod. Dette skjer fordi tårepunktet er dreidd vekk frå auget. På grunn av stadig tørking av tårer blir kanten på augelokket og slimhinna på auget raud og tjukk. 

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til behandling. 

Før

Før operasjonen får du informasjon om sjølve inngrepet, forløp og forventa resultat.   

Du må fjerne all sminke før operasjonen.  

Du skal ikkje køyre bil sjølv på operasjonsdagen.   

Du skal slutte med Albyl, Plavix, Dispril, Efient, Brilique, Ticlid og Persantin sju dagar før operasjonen. 

Marevan, Xarelto, Pradaxa, Arixtra og Eliquis sluttar du med tre dagar før operasjonen, om ikkje anna er avtalt. 

Dersom du bruker blodfortynnande medisin på grunn av kunstig hjarteventil (mekanisk) eller medikamentavhengig stent, må du først snakke med fastlegen din for å høyre om dette er greitt. 

Dersom du er i tvil om du kan slutte med blodfortynnande medisinar før operasjonen, må du snakke med fastlegen din.   

Dagen etter operasjonen startar du med blodfortynnande medisinar som før, dersom du ikkje får annan beskjed. 

Under

Behandling av ektropion er ei kirurgisk oppstramming av muskulaturen i nedre augelokk, slik at augelokket blir vendt inn mot auget igjen. Av og til må vi fjerne eit stykke av nedre augelokk, i ytterkant av auget, for å få stramma opp augelokket tilstrekkeleg. 

Operasjonen blir gjort i lokalbedøving. Du får augesalve og lapp over auget på slutten av operasjonen. 

Etter

Etter operasjonen kan du reise heim, men du kan ikkje køyre bil sjølv denne dagen.   

Etter operasjonen må du vanlegvis bruke augesalve i ein periode. Dette vil du få informasjon om før du reiser frå sjukehuset.  

Det er vanleg å ha smerter ei stund etter operasjonen. Du kan ta smertestillande tablettar ved behov (for eksempel Paracetamol eller tilsvarande). 

Dersom det ikkje er brukt tråd som fell ut av seg sjølv, skal du fjerne stinga etter ei veke. Dette gjer du ved poliklinikken, eller eventuelt hos fastlegen. Du får nærmare informasjon om dette av legen som skal operere deg. 


Kontakt

Augebygget Augeavdelinga

Kontakt Augeavdelinga

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.