Behandling

Brystreduserende operasjon, mann

Forstørra bryst hos menn, som kjem av auke i volum på brystkjertelvevet, blir kalla gynekomasti. Tilstanden er vanleg og forbigåenda, og er sett hos om lag halvparten av gutar i puberteten. Hos særleg yngre menn eller vaksne kan tilstanden vere sjukdomsteikn.
Forstørra bryst som er skylda overskudd av hud og fett er svært vanleg hos overvektige gutar eller menn, og er kalla pseudogynekomasti. 

Gynekomasti, derimot, er skylda auka mengde kjertelvev i brystet. Tilstanden er vanleg i puberteten og redusert produksjon av androgener eller auka omdanning av androgen til østrogen, noke som førar til auka mengde østrogen i forhald til androgen. I puberteten blir tilstanden vanlegvis reversert i løpet av 18–24 månader. Varer tilstanden utover 24 månader eller etter fylte 17 år, kan det krevje behandling.

Medikamentbruk eller sjukdom er andre årsaker til gynekomasti. Bruk av anabole steroid, marihuana, heroin og amfetamin kan gi varig gynekomasti. Sjukdommar forbunde med tilstanden er mellom anna primær hypogonadisme, Klinefelters syndrom, hypofysesvikt, brystkreft og testikkelkreft.

Gynekomasti kan i nokre tilfelle bli behandla med østrogendempande middel. Andre ganger kor gynekomasti er medikamentutløyst kan det vere aktuelt å redusere dose eller slutte med preparatet. Hos dei med vedvarande og uttalt gynekomasti kan kirurgi bli aktuelt.

Tilvising og vurdering

Dersom ein kan utelukke pseudogynekomasti, og tilstanden ikkje kjem av ovannemnte misbruk eller sjukdommar forbunde med gynekomasti, kan fastlegen din tilvise deg til nærmaste plastikkirurgiske avdeling for vurdering av kirurgisk behandling.

For å bli vurdert for kirurgi må du ha vore røykfri i 6 månader.


Utelukke underliggande sjukdom og pseudogynekomasti før tilvising til kirurgi.
 

Før

Faste

Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

Medisinar: 

Ta med alle faste medisinar på operasjonsdagen. Du får beskjed av legen om kva du kan ta, og kva du ikkje bør ta. Bruker du Marevan eller annan blodfortynnande medisin, må du kontakte fastlegen to veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping. 

Hygiene: 

For å redusere infeksjonsfaren er det viktig at du dusjar same morgon som du møter til dagkirurgi. Unngå å bruke bodylotion, feit ansiktskrem eller sminke og naglelakk. Du bør ikkje ha på deg smykke/piercing eller klokke, og vi ber deg dessutan om ikkje å bruke kontaktlinser denne dagen – bruk heller briller. 
 
Dersom du er forkjøla eller er blitt sjuk av andre årsaker når avtalen nærmar seg, må du melde frå.



Sykdommen behandles i Helse Vest av fastleger, barneleger, endokrinologer eller plastikkirurger.

Under

Forundersøkingane til kirurgisk behandling av gynekomasti krev ikkje spesialutstyr. Undersøkinga blir utført av plastikkirurg. Utgreiinga omfattar sjukehistorie og klinisk undersøking.

Under den kirurgiske behandlinga blir kjertelen heilt eller delvis fjerna ved kirurgisk reseksjon. Snittplassering avhenger av størrelsen på kjertelen som skal bli fjerna, men vanleg snittplassering er i nedre kant av overgangen mellom brystvorte og huda rundt. 

Kor lang tid tar behandlinga normalt?
Undersøking: rundt 15 minutt
Kirurgi: rundt 45–60 minutt



Etter

Behandlinga er dagkirurgisk. Nokre kirurgiske behandlingar kan krevje innlegging etter inngrepet. Det kan bli nødvendig med drensbehandling. Kompresjonstøy eller tilpassa bandasje må vanlegvis bli brukt 1–3 veker etter behandlinga. 

Smertedempande medisinar er vanlegvis ikkje nødvendig utover paracetamol eller NSAID-preparat (ibux, voltaren eller liknende). Du må til kontroll hos sjukepleiar eller lege ei veke etter kirurgi. Det er normalt sett sydd med tråd som løyser seg opp, slik at fjerning av sting ikkje er nødvendig. 

Etter behandlinga kan du gjere kvardagslege oppgaver som vanleg, med unntak av oppgaver som krever overdriven bruk av brystmuskulatur. Avstå frå sportslege aktivitetar i tre veker etter kirurgi. Kompresjonstøy eller tilpassa bandasjar bør bli brukt dag og natt i tre veker etter kirurgi.



Behandlingen foregår på Dagkirurgisk enhet ved Plastikkirurgisk avdeling. Alle pasienter kommer til kontroll hos sykepleier etter en uke. Pasienten beholder tilpasset bandasje frem til kontrollen. Fjerning av sting er vanligvis ikke nødvendig. Smertestillende i form av NSAID og/eller paracetamol.

Ver merksam

Utover normale anestesiologiske risikomoment er kirurgien forbunde med ein viss blødings- og infeksjonsrisiko. I tillegg er innsøkk rundt brystvorta ei vanleg følge av operasjonen. Derfor blir prosedyren ofte kombinert med feittsuging mot tilliggjande område over brystmuskelen.

Kontakt

Sentralblokka Plastikkirurgi

Kontakt Plastikkirurgi

Oppmøtestad

Når du kommer til Haukeland universitetssjukehus henvender du deg i resepsjonen ved Dagkirurgisk avdeling, 2. etasje i Sentralblokka.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.