Diagnose
Diabetes hos barn
Dei aller fleste barn og ungdommar som har diabetes, blir behandla med insulin. Sidan insulin ikkje kan lagast som tablettar, må det givast som injeksjonar. Det er utvikla ulike injeksjonspennar som insulin blir gitt med. Insulin kan også givast med ei insulinpumpe. Insulinpumpa blir kopla til barnet med ein slange som endar i eit kort plastrøyr. Dette røyret går inn under huda til underhudsvevet, og herfrå blir insulinet soge opp.
Diabetes type 1 er en sykdom der kroppen slutter å produsere insulin. Insulin er et livsnødvendig hormon, og har du diabetes type 1 må du tilføre kroppen insulin resten av livet.
Les meir på helsenorge.no
Symptomer
Diabetes oppstår når bukspyttkjertelen sluttar å produsere insulin. Symptoma kjem av at blodsukkeret når eit så høgt nivå at kroppen kvittar seg med sukkeroverskotet. Det skjer ved at nyra skil ut sukker i store mengder. For at nyra skal kunne skille ut sukker, må dei ha vatn som sukkeret kan følge med, og personen blir tørst og drikk mykje.
Dei klassiske teikna er at barnet drikk mykje, tissar mykje og har vektnedgang. Barn som er tørre, kan begynne å tissa på seg igjen. Nokon blir slappe og trøytte.
Tilvising og vurdering
Barn som får diabetes, skal leggast inn som akutthjelp.
Viss du trur at barnet ditt kan ha fått diabetes, skal du ta kontakt med fastlegen eller legevakta. Det vil bli teke ei blodprøve for å finne ut kva verdi blodsukkeret har.
Barnet skal tilvisast via telefon til næraste barneavdeling, og dokker skal dra dit så raskt det er praktisk for dokker.
Det hender at små barn blir svært sjuke når diabetes oppstår, så det er viktig å ta kontakt med lege raskt.
Fastlegen kontakter sykehuset via telefon for øyeblikkelig innleggelse.
Nyttig informasjon om diabetes, utstyr og rettar
Om diabetes
Intro til diabetes type 1 | Diabetesforbundet
Barn med diabetes | Diabetesforbundet
Ungdom og diabetes
Den tøffe puberteten | Diabetesforbundet
Ung med diabetes | Diabetesforbundet
Samspel mellom barn og forelder
Samspillet mellom barn og foreldre om diabetesbehandlingen | Diabetesforbundet
Hvordan jobbe med samspillet mellom barn og foreldre | Diabetesforbundet
Utstyr ved diabetes
Insulinpumper og sensorer | Diabetesforbundet
Leve med høyt og lavt blodsukker | Diabetesforbundet
Rettttar
Rettigheter for barn med diabetes | Diabetesforbundet
Barnehage og skole
I barnehagen og på skolen | Diabetesforbundet
Fortell klassen din om diabetes | Diabetesforbundet
Aktivitet
Tips for å lykkes med treningen | Diabetesforbundet
Til deg som kjenner ein med diabetes
Trygghet for deg som kjenner noen med diabetes type 1 | Diabetesforbundet
Kontakt
-
Kontakt Barne- og ungdomsklinikken, Medisin A
Oppmøtestad
Glasblokkene, blokk 7, 2. etasje
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen
Transport
Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.
Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.
Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus
Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.
Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider- Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
- Line 12 har avgang frå Bystasjonen
- Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
- Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.noFor meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.
I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar
Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.
I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.
Måltida i spisestoven blir servert:
Frokost: 08.00-09-00
Lunsj: 11.30-12.30
Middag: 15.00-16.00
Kvelds: 19.00-20.00
Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.
Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.
Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.
Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn.
Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.Nær familie og vener er velkomne på besøk, også for å avlaste foreldre som har behov for det. På Nyføddintensiv må alle besøkande vise ekstra omsyn til barnets behov. Avtal besøk med sjukepleiaren som passar barnet ditt, slik at det tilpassast barnets behov og eventuelle planar for undersøkingar eller anna. Vi ønskjer først og fremst at besøkande første gong alltid er i følgje med mor eller far til barnet.
Søsken og smittefare - Søsken er velkomne, men i periodar om vinteren er det stengt for søsken under skulealder på grunn av generell smittefare. Infeksjon med RS-virus er mest vanleg dei første leveåra hos barn (0-5 år) og er ein hyppig årsak til luftvegsinfeksjonar hos spedbarn og små barn. Forbodet er innført for å beskytte dei nyfødde ekstra godt.
Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til nakne armer under albuen.
Dersom de er på fleirsengsrom, ber vi om at besøk skjer mellom kl. 17.30-18.00. Det er også redusert moglegheit til mobilbruk på grunn av hygiene og støy.
Utanom dette kan de ta imot besøkande på avdelinga si opphaldsstove eller i minglearealer i 1. etasje.
-
Kontakt Barne- og ungdomsklinikken, Hormon- og stoffskiftepoliklinikk
Oppmøtestad
Glasblokkene, blokk 7, 1. etasje, ventesone C14
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen
Transport
Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.
Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.
Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus
Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider- Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
- Line 12 har avgang frå Bystasjonen
- Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
- Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.noFor meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.
Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.
Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ventesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.
Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken.
Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.
Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.
Måltida i spisestoven blir servert:
Frokost: 08.00-09-00
Lunsj: 11.30-12.30
Middag: 15.00-16.00
Kvelds: 19.00-20.00
Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.
Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.
Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.
I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.
I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar
Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.
For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du spørje først. Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp.
Barn og ungdom opp til 18 år med mistanke om medisinsk sjukdom som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.
Før innlegging anbefaler vi at fastleger og legevakter konfererer med pediatrisk bakvakt: Ring 55 97 50 00 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.
Alle pasientar som skal tilvisast til innlegging til BUK skal meldast via AMK.Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.