Ditt behov for insulin og mat vil endre seg i løpet av svangerskapet, og ein velregulert diabetes frå starten og gjennom svangerskapet er viktig for din helse, fosterutviklinga og barnets helse. Ein dårleg regulert diabetes kan gi auka risiko for svangerskapskomplikasjonar som for eksempel høgt blodtrykk og stort foster.
Du vil gå jamnleg til kontroll gjennom heile svangerskapet i tråd med for vidare oppfølging. På kontrollar vil ein sjekke blodsukker, urin, blodtrykk og ein kan gjere vekstvurderingar av fosteret. Du må også sjølv måle ditt blodsukker jamnleg heime.
Oppfølging på Kvinneklinikken
Du vil få time hos fødselslege og jordmor på Kvinneklinikken når du er i om lag 9 svangerskapsveke. Det er endokrinologen (diabetesspesialisten) som sørgar for at du får tilvising til time hos Kvinneklinikken.
Haukeland universitetssjukehus har fast opplegg for oppfølging av alle gravide diabetikarar i Bergen og kommunane rundt Bergen. Du vil få tett oppfølging gjennom heile svangerskapet av diabetesspesialist, fødselslege og jordmor på sjukehuset.
Fødsel
Som oftast vil fødselen bli sett i gang ved termin, og dette vil skje på Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken. Fødselen er ei fysisk påkjenning som krev ekstra energi. Vi vil overvake blodsukkeret ditt gjennom heile fødselen. For å halde blodsukkeret ditt stabilt og sikre deg nok energi under fødselen, får du glukose intravenøst via drypp når fødselen er sett i gang.
Barnet vil også bli overvaka ved hjelp av CTG under store deler av fødselen.