Behandling
Fertilitetsbevarende behandling, kvinne
Kvinner kan miste fruktbarheita i forbindelse med kreft eller annen sjukdom som blir behandla med cellegift og/eller stråling. Dette fordi slik behandling kan ha skadelige effektar på kvinna sine eggstokkar ved at egganlegga i varierande grad vert øydelagt. Dersom den aktuelle kreftbehandlinga har risiko for å redusere framtidig fruktbarheit, kan pasienten få tilbod om ulike fruktbarheitsbevarande behandlingsmetodar. Både unge jenter og kvinner, med eller utan fast partner, kan få tilbod om behandling.
Vi veit at de som kjem til oss har eit stort behov for informasjon. Vi ynskjer at de opplever å bli godt ivaretatt, føler tryggleik og at vi får ein god dialog gjennom heile behandlingsprosessen. Vi håper at denne informasjonen kan gje svar på nokre av spørsmåla de sitt med og vil gjerne at de skriv ned eventuelle fleire spørsmål og tar dei med når vi møtast, så skal vi gjere vårt beste for å svare.
Det er kvinna sin behandlande lege og ein gynekolog som har erfaring med problemstillinga som skal informere pasienten og gje råd om tilbodet. Saman med pasienten tar ein stilling til hvilken metode som er best egna før ho startar behandling for sjukdomen.
Tilvising og vurdering
Det er spesialisthelsetenesta som tilviser til fertilitetsbevaring. Pasientar som treng fertilitetsbevaring er som oftast allereie til behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Til forundersøkinga er det sett opp samtale med lege for pasienten og eventuell partnar, og det er viktig at de informerer om eventuell medisinbruk/allergiar. Kvinna skal gjennom ei gynekologisk undersøking og om det er aktuelt å fryse embryo, må partnar levere sædprøve. Om nødvendig vil det bli bestilt og tatt supplerande blodprøver.
Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere ein avtale om assistert befrukting. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga.
Kvinna vil òg få opplæring i bruk av sprøyter som ein skal sette sjølv under behandlinga. Forundersøkinga tar om lag to timar totalt.
Dersom det oppstår medisinske problemstillingar som ikkje var kjent ved forundersøkinga, (t.d. nye medikament) må de ta kontakt med seksjonen for å avklare vidare behandling.
Partner kan velje om han vil ta prøven heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på et eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang.
Behandling
Samtykke til behandling
Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.
Behandlingsprotokoller
Det finnes ulike behandlingsprotokoller i forbindelse med assistert befruktning. Vi skil mellom lang- og kort protokoll. Behandlinga vert tilpassa kvar enkelt kvinne og par. Ved fertilitetsbevaring nyttar ein i dei fleste tilfella ein kort protokoll, der stimulering av eggstokkane blir gitt i form av sprøyter som settast i magen i ca. 10 dagar. Dette gjer du sjølv. Stimuleringa starter vanlegvis 2. menstruasjonsdag i den aktuelle syklusen.
Individuell behandlingsplan
Du vil motta din individuelle behandlingsplan når det er bestemt oppstart av behandlinga. Planen finn du som et sykepleienotat i pasientjournalen din på helsenorge.no.
Reseptar
Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut kostnadsfritt ved Sjukehusapoteket. Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og legitimasjon må visast. Sjukehusapoteket har inne dei ulike medikamenta som brukast i behandlinga. På øvrige apotek må medisinane bestillast minimum 1 veke før start av behandling, og du må sjølv betale for medikamenta og deretter få utgiftene refundert av helseføretaket ved innsending av faktura og kvitteringar. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er sendt til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.helsenorge.no og følgje instruksa der. Ring oss dersom noko er uklart.
Under
Ultralyd
Vi følgjer med på utvikling og vekst av folliklane/eggposane ved hjelp av ultralydundersøkingar. Ut i frå desse undersøkingane vurderer legen kor lenge hormonbehandlinga skal vare.
Eggløysingssprøyte
På ultralydundersøkinga kan legen sjå kor tid folliklane har nådd ønska storleik og då får du beskjed om når du skal sette eggløysingssprøyta. Det er svært viktig at du tar eggløysingssprøyta til rett tid; om kvelden 1,5 døgn før egguthenting.
Egguthenting (OPU)
På dagen for egguthenting skal de møte opp ved Seksjon for assistert befruktning. Nøyaktig tidspunkt for oppmøte blir gitt ultralyddagen. Då vil de måtte signere avtale om behandling og vise fram ID-kort. De får kort informasjon av sjukepleiar, og kvinna får tildelt ei seng. Dersom de begge ønskjer det, kan partnar vere med under sjølve inngrepet.
Førebuingar
- Et ein lett frukost utan kaffi
- Ta smertestillande tablettar 1 time før oppmøte. Desse får du utdelt på ultralydkontrollen der egguthentingsdagen blir bestemt. Dersom de har tatt ultralyd utanbys, kan medisinen hentast ved avdelinga dagen før egguthentinga, eller takast her på avdelinga ved oppmøte. Du kan ikkje køyre bil denne dagen!
Dette skjer under egguthentinga
- Kvinna blir følgd på toalettet like før inngrepet
- Du får lokalbedøving i skjeden som blir gitt av legen rett før egguthentinga startar.
- Sjølve egguthentinga tar 15-20 min.
- Grad av smerte ved egguttak varierer frå kvinne til kvinne, men dei fleste beskriv smerten som menstruasjonsliknande smerte som strålar bak i korsryggen.
- Ved nedfrysing av embryo leverer partnar sædprøve. Den kan gjerast heime og leverast på avdelinga innan ein time etter prøven er tatt, eller gjerast på avdelinga.
Etter egguthentinga
- Du må ligge til observasjon i ½-1 time hjå oss før du får reise heim frå sjukehuset etter egguthentinga.
- Nokon opplever smerter i magen same ettermiddag / kveld, men det er som regel nok lindring i Paracet og varmeflaske. Du skal ikkje bruke Ibux eller Voltaren på grunn av auka fare for bløding.
- Vi kan gi deg sjukemelding i tre til fire dagar etter egguthentinga.
- Kvinna må ha følgje heim etter at ho har vore gjennom uthentinga. I tillegg skal ho ikkje vere aleine dei første timane etter at de kjem heim, sidan ho har fått ulike smertestillande medisin.
- Dagen etter egguthentinga vil laboratoriet ringe til deg ca. kl. 13.00 (laurdagar ca. kl. 10.00) for å gi beskjed om kor mange egg som har blitt befrukta.
- Vi anbefaler ikkje å ha samleie dei siste dagane før, og i to veker etter egguthenting. Kvinna skal heller ikkje bruke tampong eller bade i basseng, badekar eller sjø dei to første vekene etter egguthentinga. På grunn av dei forstørra eggstokkane tilrår ein redusert fysisk aktivitet i same periode.
Anbefalt lesing på nett:
Kva kan eg gjere sjølv?
- Unngå tobakk og alkohol under behandlinga
- Du bør halde deg til eit moderat inntak av koffein
- Ha eit sunt kosthold og ta gjerne tilskot av omega 3
Etter
Kostnader
Ved forsamtale og fertilitetsutredning, samt ved konsultasjonar i forbindelse med sjølve behandlinga, betaler eigendel etter vanleg takst for spesialistpoliklinikk per konsultasjon. Kostnadane for medikamenta til behandlinga blir dekka av helseføretaket. Nytter ein sjukehusapoteket blir medisinane utlevert vederlagsfritt. Ved uttak av medisinar ved andre apotek, må pasienten sjølv betale for medikamenta og deretter få utgiftene refundert av helseføretaket ved innsending av faktura og kvitteringar.
Om det er naudsynt med transport til Oslo Universitetssykehus i samband med fertilitetsbevaringa, blir denne og opphaldet dekka av pasientreiser. Ta kontakt med dei når du har fått time ved OUS for egguthenting eller uttak av ovarialvev. Pasientreiser ordnar med bestilling av transport
I forbindelse med tilbakeføring av embryo, etter friskmelding, betaler de ein eigendel etter vanleg takst for spesialistpoliklinikk.
Ver merksam
Blødning
Bløding i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne tilfelle, og det er derfor vi vil ha deg til observasjon på avdelinga i ½- 1 time etter egguthentinga.
Infeksjon
Ein sjeldan gang kan det oppstå infeksjon etter egguthentinga. Symptom på infeksjon kjem innan tre dagar etter egguthenting og vil vere vedvarande og aukande magesmerte, i tillegg til feber. Då skal du ta kontakt med lege snarast.
Allergiske reaksjoner
I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medisin som blir gitt i behandlinga. Kontakt avdelinga dersom det skjer.
Biverkander
Alle medisinar har omtale av moglege biverknader i pakningsvedlegget. Medisinar som brukast i behandling med assistert befruktning gir ei kontrollert overstimulering av eggstokkane og overstyrer din eigen syklus. Vi kjenner til at dei mest vanlege biverknadene er:
- Smerter, kvalme, oppblåst mage, tyngdefornemming og stikking i underlivet, lett vektauke og auka mengde utflod.
Overstimuleringssyndrom
Nokre kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og det blir danna for mange folliklar. Då kan det vere at behandlinga må avbrytast.
Overstimuleringssyndrom kan oppstå frå du sett eggløysingssprøyta og innan ei veke etter egginnsetting. Ta kontakt med oss dersom du får symptom som: oppblåst og smerte i underlivet, kvalme, oppkast, diare og ev. tungpust. I dei mest alvorlege tilfella, krev det innlegging på sjukehuset.
Ved symptom på overstimuleringssyndrom må du ringe nærmaste sjukehus.