Fibromyalgi
Fibromyalgi er ein tilstand karakterisert av langvarige utbreidde smerter i musklar og skjelett, samt kjensle av utmatting utan at ein finn teikn til betennelse ved klinisk undersøking og blodprøver.
Utbreiing og årsak
Symptom og sjukdomsteikn
Utredning
Fastsetting av diagnose
Fibromyalgi er ein klinisk diagnose. Det vil seie at verken blodprøver eller bildeundersøkinger vil gje tilleggsinformasjon. Blodprøver blir likevel ofte tatt for å utelukke andre diagnosar. Diagnosen blir sett på bakgrunn av samtale og undersøking. Ved fibromyalgi er oftast einaste funn ved undersøking ømme punkt ved trykk bestemte plassar på kroppen.
Behandling
Optimal behandling av fibromyalgi krev ofte ein kombinasjon av ikkje-medikamentell og medikamentell behandling. Val av behandling er avhengig av smerteintensitet, funksjon og assosierte symptom som depresjon, kjensle av utmatting og søvnvanskar. Mange kjenner seg betre i varmen, og trening i varmt svømmebasseng, samt individuelt tilpassa treningsprogram med både styrketrening og kondisjonstrening, kan vere effektivt. Nokon kan òg ha nytte av kognitiv terapi eller psykomotorisk fysioterapi.
Oppfølging
Fibromyalgi er ein tilstand som blir følgt av fastlege. Enkelte blir tilvist til ei revmatologisk vurdering for å utelate andre diagnosar. Om fibromyalgidiagnosen då blir bekrefta, treng ein ikkje vidare kontrollar ved revmatologisk avdeling.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen