Symptom og teikn på sjukdom
Granulomatose med polyangiitt kan gi symptom frå mange ulike organsystem. Dei vanlegaste er:
- tett eller rennande nase
- til tider sekresjon blanda med blod
- betennelse i bihòler
- hoste
- ulik grad av pustevanskar
- funn av blod og eggekvitestoff i urinen
Ein kan også kjenne seg hås og sår i nasen eller munnhòla, og få betennelse i auget. Smerter i øyra og høyrselstap kan oppstå, og ein kan til tider sjå raudlilla forandringar i huda. Dei fleste har generelle symptom som feber, smerter frå ledd, trøyttleik og vekttap. Dei fleste som har diagnosen Granulomatose med polyangiitt har også bestemde antistoff i blodet (Anti-nøytrofilt cytoplasma antistoff, forkorta ANCA).
Fastsetje diagnose
Diagnosen blir fastsett på bakgrunn av symptom og funn ved samtale og undersøking, blodprøvar og biletundersøkingar. Ved blodprøvar kan ein til dømes sjå antistoff, og dessutan høg senking og hurtigsenking (CRP). Røntgen eller CT-bilete av lunger kan avdekkje lungeforandringar, medan ein ved CT-undersøking av bihòlene kan finne betennelse. Ofte er det også nødvendig å ta prøve (biopsi) frå eit påverka organ for å kunne fastsetje diagnosen. Det vanlegaste er å ta prøve frå nyre, nase, hud eller lunge.