Forsking har ikkje fastslått kor mange bevegelsar som er normalt for eit friskt barn. I løpet av svangerskapet er det derfor viktig at du blir kjent med barnet ditt og aktivitetsmønsteret til barnet. Det er endringar i dette mønsteret som er viktige for kva som er lite bevegelse. Du kjenner ditt barn best!
Dei fleste kvinner kjenner at barnet beveger seg i magen rundt 20. svangerskapsveke. Dersom det er ditt første svangerskap, kjenner du kanskje noko etter 20. veke. Dersom du har vore gravid før, kan det vere du kjenner liv før veke 20. Her er det individuelle variasjonar.
Ettersom barnet ditt utviklar seg, vil både antalet og type bevegelse forandre seg. Mange barn beveger seg mykje ved faste tider av døgnet. Det er viktig at du blir kjent med aktivitetsmønsteret til barnet ditt. I løpet av døgnet har barnet periodar der det søv, vanlegvis mellom 20 og 40 minutt og sjeldan over 90 minutt. I desse periodane vil ikkje barnet bevege seg.
Dei fleste opplever at antalet bevegelsar i løpet av eit døgn aukar fram til cirka veke 32 i svangerskapet. Deretter stabiliserer dei fleste seg på eit nivå som fortset fram til fødselen.
Typen bevegelsar kan forandre seg. Mot slutten av svangerskapet kan ein oppleve bevegelsane meir som åling og ikkje harde spark, men det skal normalt ikkje vere færre bevegelsar. Du skal kjenne at barnet beveger seg like mykje i tida fram mot fødselen, og du skal også kjenne bevegelsar under fødselen.
- Dersom du er i aktivitet og travel, er det mindre sjanse for at du kjenner etter at barnet beveger seg.
- Dersom du har morkaka på framveggen av livmora, kan det vere vanskelegare å kjenne at barnet beveger seg, spesielt gjeld dette tidleg i graviditeten.
Forliggande morkake er ein tilstand der morkaka (placenta) heilt eller delvis dekker den indre opninga (indre mormunn) i livmora, det vil seie den vegen barnet skal ut under fødselen. Les meir om forliggande morkake på nettsidene til Norsk Helseinformatikk.