Undersøkinga blir utført frå veke 11 i svangerskapet.
Ta med deg prøvesvar på kva blodtype du har, anten frå helsekort frå tidlegare svangerskap, eller svar på blodprøva teke i dette svangerskapet.
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar, bør du ikkje ta desse det siste døgnet før morkakeprøva. Det er viktig at du avtaler med fastlegen om du kan ta pause frå dei blodfortynnande medisinane dine.
Du vil først få genetisk rettleiing ved avdeling for medisinsk genetikk. Mange er utgreidde for moglegheita for alvorleg sjukdom hos fosteret (til dømes alvorleg arveleg sjukdom) før svangerskapet og vil derfor kjenne til metoden.
Dersom det er ultralydfunn som er grunnen til morkakeprøva, vil vi gi deg informasjon om dette.