Behandling
Habilitering ved vansker knyttet til pubertet, seksualitet og identitet hos barn og unge med funskjonsnedsettelser
Når eit barn eller ein ungdom med funksjonsnedsetting har omfattande vanskar knytt til pubertet, seksualitet og identitet, kan fastlegen tilvise til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) for utgreiing samt rettleiing og opplæring om forhold knytt til kropp, pubertet, seksualitet og identitet.
Før
Før du kjem til avtale i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga til barnet/ungdommen, når det gjeld:
• kommunikasjon og samhandling med jamaldrande og vaksne
• pubertetsteikn
• seksuell funksjon
• seksuell åtferd
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Det blir gitt tilbakemelding til føresette, barn, ungdom og til den som har tilvist. Barn og ungdom har rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Kontakt
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Kontakt Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 1. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen