Pasientar som får eit hjerneslag blir lagt inn ved akuttavdeling ved sjukehus («blålys-pasientar»). Det er viktig å kome raskt til behandling då dette kan påverka både utfallet og omfanget av hjerneslaget. Her blir pasienten behandla medisinsk og kartlagt tverrfagleg. Det blir tatt stilling til kvar rehabiliteringa skal gå for seg vidare.
Hjerneslag, fysioterapi
Hjerneslag oppstår brått og er forårsaka av ein blodpropp eller ein blødning i hjernen. Dette fører til at delar av hjernen får for lite eller ingen tilførsel av oksygen, noko som gjer at hjerneceller døyr. Dei vanlegaste utfalla etter hjerneslag er lammelsar i bol, andlet, arm eller bein, samt endra kjenslesans, kognitive vanskar og/eller talevanskar.
Før
Under
Etter
Sist faglig oppdatert 04.01.2024

