Igangsetting av fødsel (induksjon)
Induksjon (igangsetjing av fødselen) blir alltid gjord på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre tilrådd når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og/eller barn.
Les om
Utgangspunktet for all fødselshjelp er å leggje til rette for eit best mogleg utfall for mor og barn. At fødselen startar av seg sjølv rundt termin (mellom svangerskapsveke 37 og 42), er vanlegvis det som gir enklast fødselsforløp. Men av og til oppstår det tilstandar i svangerskapet som gjer det nødvendig for mor og/eller barn å setje i gang fødselen før han startar av seg sjølv for å unngå moglege alvorlege komplikasjonar.
Dei vanlegaste årsakene til dette er høgt blodtrykk/svangerskapsforgifting, diabetes/svangerskapsdiabetes, og langsam fostervekst (lite barn). Alder over 38 år er også medverkande. I tillegg tilrår vi igangsetjing til alle som ikkje har fødd 11 dagar etter ultralydtermin (42 veker).
Kor lang tid tek det?
Det er vanskeleg å vite kor lang tid ein induksjon vil ta. Om fødselen din blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselen startar og du føder. For nokre kvinner kan det ta fleire dagar, medan for andre går det raskare. Faktorar som speler inn er mellom anna talet på svangerskapsveker ved tidspunktet for igangsetjing, om du har fødd tidlegare, allereie starta med rier, eller om fostervatnet har gått.
Tilvising og vurdering
Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør setjast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte. Om mogleg – ring alltid til fødeavdelinga før du dreg.
Før
Trivselskontroll veke 41
Alle gravide får tilbod om trivselskontroll på svangerskapspoliklinikken. Denne blir utført 4–7 dagar etter ultralydtermin dersom du elles er utan risiko, og tidlegare dersom du har noko høgare risiko (høg BMI, tidlegare lite barn, IVF eller liknande).
Jordmor på helsestasjonen tilviser til denne kontrollen. Trivselskontrollen kan avtalast til første yrkedag som er praktisk å gjennomføre, for kvinna og sjukehuset.
Overtidskontroll (> 42 veker)
Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor/lege som følgjer deg i svangerskapet informere deg om når og kvar du skal til overtidsvurdering.
Under
Ulike metodar for induksjon av fødsel
Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og han byrjar å opne seg.
Det er ulike metodar som kan brukast for å setje i gang ein fødsel. Kva metode som er best for deg blir avgjord av lege eller jordmor. Modningsgrada av livmorhalsen er med på å bestemme kva induksjonsmetode som blir brukt. Lege og jordmor vurderer modningsgrada av livmorhalsen (Bishop skår) før og under induksjonen for å avgjere framgang.
Er livmorhalsen umoden, er formålet med dei første tiltaka å modne denne. Om livmorhalsen er moden, vel vi tiltak for å få i gang rier.
Smertelindring i tida før du går i aktiv fødsel
Ballongkateter og prostaglandin kan gi menstruasjonsmurring og modningsrier. Modningsrier er ofte uregelmessige, både i intensitet og i hyppigheit. Det kan opplevast smertefullt i periodar og du kan oppleve at du blir sliten. Det er nokre tiltak som kan lindre. Det kan til dømes vere varmeflaske eller ein varm dusj, massasje frå partnar, fokus på pust og avspenningsteknikkar. Paracet eller sterkare smertestillande kan vere aktuelt i samråd med jordmor/lækje. Å jobbe medvite for å handtere modningsriene i denne perioden, kan vere ei fin førebuing til fødsel.
Stikke hol på fosterhinna – ta fostervatnet – amniotomi
Når livmorhalsen har byrja å opne seg, vil jordmor eller lege stikke hol på fosterhinna med ein plastkrok gjennom skjeden – amniotomi. Det er ikkje smertefullt for deg eller fosteret. Du får då vassavgang som stimulerer rier.
Når vi sett i gang fødselen vil du og barnet bli tett følgd opp av jordmor og lege. Undersøkingar og vurderingar vil avgjere den vidare behandlinga.
Planen for behandling kan bli endra undervegs. Nokon gongar er det nødvendig og riktig å utsette den planlagde behandlinga. Det kan vere din situasjon, tid på døgnet (natt) eller omsyn til drift som gjer at ei slik avgjerd blir tatt.
Om det blir ei pause i behandlinga, er dette bestemt etter nøye medisinsk vurdering av deg og barnet / barna. I den tida du har pause i induksjonen, kan det vere aktuelt at du reiser heim i nokon timar eller til neste dag.
Er du usikker eller ikkje har forstått planen for behandling, må du snakke med jordmor eller lege. Før du eventuelt reiser heim, vil du alltid få ein avtale om ny kontroll og kor du skal ta kontakt om situasjonen din endrar seg.
Det er likevel viktig å understreke at ingen som er i aktiv fødsel blir sendt heim frå sjukehuset.
Etter
Det kan altså ta fleire dagar frå induksjonen startar og til fødselen er i gang, men når riene og fødselen har starta vil den som oftast gå ukomplisert. Det kan opplevast som at ein har hatt ein lang fødsel når ein er sett i gang.
Om fødselen ikkje startar
Om induksjon av fødselen ikkje fører fram, eller din og/eller tilstanden til fosteret krev forløysing, vil legen vurdere om det skal gjerast keisarsnitt.
Når vi set i gang fødselen vil du og barnet bli tett følgt opp av jordmor og lege. Undersøkingar og vurderingar vil avgjere den vidare behandlinga. Planen for behandling kan bli endra undervegs. Av og til er det nødvendig og rett å utsetje den planlagde behandlinga. Det kan vere din situasjon, tid på døgnet (natt) eller omsyn til drift som gjer at ei slik avgjerd blir teken.
Er du usikker eller ikkje har forstått planen for behandling, må du snakke med jordmor eller lege. Før du eventuelt reiser heim, vil du alltid få ein avtale om ny kontroll og kvar du skal ta kontakt om situasjonen din endrar seg.
Det er likevel viktig å understreke at ingen som er i aktiv fødsel blir sendt heim frå sjukehuset.
Kontakt
Glasblokkene
Fødeavdelinga
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene, blokk 5 og 6
Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå
07.00 - 21.00, og frå 07.30 - 21.00 i helg/heilagdagar
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen