Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Keratokonus

Keratokonus er ei gradvis utposing av hornhinna som oppstår på grunn av redusert styrke i hornhinnevevet. Dette inneber forandring i forma til hornhinna og kan vere opphav til store brytingsfeil, noko som igjen fører til aukande svekking av synet. Vanlegvis oppstår keratokonus i tenåra, men kan også oppdagast eller forverrast etter hornhinnekirurgi (som LASIK) eller i samband med graviditet.

Symptom

Dei første teikna på keratokonus er at ein ser uskarpt og byrjar å myse. Briller kan i første omgang betre synet, men brillestyrken kan forandre seg relativt raskt, særleg det som har med skeivskap (astigmatisme) i hornhinna å gjere. Du kan få hovudverk og ubehag i auga utover dagen. Nokon klør seg også meir enn vanleg i augeregionen, og dette kan kanskje framskunde sjukdommen.

Sjølv om rette briller betrar synet tidleg i utviklinga av keratokonusen, vil nokon merke at det dei ser på blir litt «skeivt» og at lys i mørke ofte får ein uvand og sjenerande strålekrans rundt seg, til dømes frå møtande billys.

Kva forårsakar sjukdommen?

Ein kjenner ikkje årsaka til at nokon får keratokonus. Arv speler ei rolle hos nokon og ein meiner også at dei som gnir seg mykje i auga, som allergikarar, får sjukdommen oftare. Keratokonus er noko vanlegare hos menn enn hos kvinner.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Augebygget Augeavdelinga

Kontakt Augeavdelinga

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.