Kjevesperre kjeveleddsartroskopi, nynorsk
Kjevesperre kjem enten smygande eller oppstår plutseleg. Ein kan ha opplevd ein eller fleire periodar med klikking / knepping frå menisken i kjeveleddet. Tilstanden hindrar normal bevegelse av leddet, og ein opplever smerter og problem med å gape.
Går ein lenge med symptom, kan ein også oppleve smerte ved kvile. Problem med gapeevna kan bety at menisken i kjeveleddet har forflytta seg, og det kan vere samanveksingar i leddet.
Artroskopi
Artroskopi er kikholskirurgi der ein går inn gjennom huda og inn i leddet med ei lita hylse.
Slik kan ein skylje med sterilt saltvatn, og få løyst eventuelle samanveksingar mekanisk.
Tilvising og vurdering
Du må ha tilvising frå eigen tannlege, eller fastlege.
Før
Undersøkingar
Ved første besøk i poliklinikken utfører ein oralkirurg undersøking av kjeven, ledd og kjevemusklar. Det blir tatt eit digitalt panoramarøntgen av tenner og begge kjeveledd. Behandlinga kan vere samansett.
- Ved behov kan ein sette bedøving i leddet, både for smertelindring og diagnostikk.
- Ofte er kjevemusklane svært ømme og treng ei avlasting. Ei bittskinne kan framstillast hos eigen tannlege, og må brukast regelmessig i eit par månadar før kjevemusklane roar seg.
- Du må gjere trenings- og avspenningsøvingar fleire gonger for dagen over ei viss tid for å hjelpe mot stram og øm muskulatur. Du får utlevert eit skriv med eigne øvingar som du kan utføre heime.
- Tilvising til MRI-undersøking (magnetisk resonans imaging) eller CT-undersøking (computer tomografi) av kjeveledd blir rekvirert ved indikasjon. Du vil bli kalt inn til ny time i poliklinikk når svaret på undersøkingane er klare.
- Ved vedvarande problem med kjevesperre og smerter, og på bakgrunn av tidlegare undersøking og funn i MR eller CT, kan det bli aktuelt å planlegge operasjon.
Førebuingar til operasjon
Du må møte fastande til operasjon. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, snuse eller røykje frå kl. 24.00 dagen før operasjonen. Ikkje ta på deg øyrepynt, sminke eller feite ansiktskremar.
Kirurgen vil informere deg om inngrepet, og det blir gitt smertestillande- og beroligande legemiddel.
På operasjonsstova vil ein bruke litt tid på førebuingar. Det kan vere nødvendig å barbere vekk litt hår rundt øyret. Øyret og delar av ansiktet og halsen blir vaska med desinfiserande middel. Til slutt blir du dekka til med ein steril dekning.
Under
Operasjon
Under operasjonen vil kirurgen først sette lokalbedøving i huda, og deretter i leddet. Ein brukar kiruriske instrument, og pasienten blir bedt om å opne og lukke munnen undervegs. Blir det tungt å gape lenge, kan ein få bite på ein bitekloss av gummi for avlasting.
Øyret ligg rett ved kjeveleddet, så det er normalt om du høyrer små kneppe- og knaselydar. Etter operasjonen får du eit sting i huda, ein liten teip over såret og deretter bandasje.
Etter operasjonen
Når operasjonen er over får pasienten kvile på eit rom. Kirurgen og sjukepleiar gir informasjon om vidare forløp. Du får resept på smertestillande legemiddel og instruksjon i bruk av desse.
På grunn av beroligande legemiddel som er gitt, ønskar vi at du har med deg nokon som kan følge deg heim etter operasjonen.
Like etter operasjonen kan det kome litt hevelse på framsida av øyret som påverkar ansiktsnerva i området. Dette vil gå over i løpet av dagen. Hevelse utover dette vil skje, og då gjerne med ein topp den tredje dagen. Deretter vil hevelsen avta.
Det kan sive noke blodvæske frå såret når bedøvinga går ut. Du kan då legge litt forsiktig press på såret, og det vil gi seg etter ei stund. Hald såret tørt i tre dagar. Bandasjen kan du fjerne ved heimkomst, men la teipen over såret sitte på lengst mogleg.
Etter
Ei veke etter operasjonen skal du møte i poliklinikken for å fjerne teip og sting, samt få instruksjon i trening av kjeven. Etter ei veke skal muskeløvingar startast opp på nytt. Om du har ei bittskinne kan denne brukast direkte etter operasjonen.
Vidare planleggast kontrollar etter ein og tre månadar, og etter seks månadar skal ein gjere ei vurdering av behandlinga.
Kontakt
Sentralblokka
Kjevekirurgisk poliklinikk
Oppmøtestad
Sengepost:
Sentralblokka, Kjevekirurgisk / Hode Hals Øye - 5.etasje nord
Kjevekirurgisk poliklinikk:
Sentralblokka, 2. etasje nord - ventesone D7
Kjevekirurgisk poliklinikk - barn og unge (0-18 år): Glasblokka, Blokk 7, 1.etasje - ventesone C14
Barnekirurgisk sengepost - barn og unge (0-18 år): Glasblokka, Blokk 6, Kjevekirurgisk - 3.etasje
Barnekirurgisk poliklinikk (0-18 år): Glasblokka, Blokk 6, U1 - ventesone B 14. Pre-kirurgisk mottak
Tannbehandling i narkose, barn og vaksne:
Glasblokka, Blokk 6, U1 - ventesone B14
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen