Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kommunikasjonstiltak, barn - alternative og supplerende
Ei ASK utgreiing må vere basert på ei grunnutgreiing og vil forutsette vidare oppfølging. ASK utgreiinga består av tre trinn:
Ei grunnutgreiing som omfattar utgreiing av somatiske forhold, motorikk, kognisjon og miljøfaktorar.
Basert på det som kjem fram etter grunnutgreiinga, vil det bli undersøkt kva alternative kommunikasjonsformer som eignar seg for barnet (manuelle teikn, grafiske symbol og/eller materielle teikn). Ved bruk av grafisk kommunikasjon blir det undersøkt kva beteningsmoglegheiter, oppsett og kompleksitet og symbolsystem som eignar seg for barnet. Det blir også gitt råd om bruk og implementering i kvardagen til barnet.
Språket og kommunikasjonen til barn er i kontinuerleg utvikling. Det vil derfor vere behov for justeringar og vidareutvikling av ASK‐tiltaka, noko som føreset nye utgreiingar med jamne mellomrom.
Før
Det vil vere viktig å ha tenkt gjennom utviklinga til barnet og milepælane i språk og taleutvikling før møtet med behandlingsteamet. Til undersøkinga må kommunikasjonshjelpemidla til barnet bli tatt med, saman med kopi av fagrapportar frå tidlegare undersøkingar. Barn som er avhengige av individuelt tilpassa arbeidsstol, bør ta med denne, om mogleg.
Dersom det er mottatt eit kartleggingsskjema, må dette bli returnert i god tid før opphaldet.
Under
Barnet og foreldra, eventuelt assistent/pedagog frå barnehagen/skulen til barnet, vil samarbeide med fagpersonar frå teamet. Barnet blir undersøkt tverrfagleg, gjennom samtaler med føresette og fagpersonar som kjenner barnet, strukturerte observasjonar og testing. Det vil bli tatt omsyn til døgnrytmen, dagsforma og allmenntilstanden til barnet.
ASK‐utgreiingar innber ikkje smertefulle prosedyrar. Undersøkingane vil ofte vere barnevennlege i form av leik eller oppgåver som liknar på skuleaktivitetar.
Undersøkingane skjer både ved polikliniske konsultasjonar og innleggingar eller opphald som dagpasient dersom ein bur i nærleiken av sjukehuset. Varigheit vil vere ein til to veker, avhengig av problemstilling for utgreiinga.
Kan bruk av ASK‐hjelpemiddel bremse eller stoppe utviklinga av talespråket til barnet?
Nei, tvert imot veit vi at erfaring med å kommunisere ved hjelp av ASK‐hjelpemiddel, fremmer såvel språkforståinga til barnet som evna til å kommunisere generelt. Barn som har motoriske og nevrologiske føresetnader for å utvikle tale, vil kunne komme raskare i gang med dette nå utviklinga blir stimulert ved hjelp av ASK‐tiltak.
Etter
Det blir gitt ei tilbakemelding straks utgreiinga er gjennomført. Deretter blir det utarbeidd skriftlege rapportar som blir sendt til heimen, tilvisande instans og andre instansar som har behov for desse, i samråd med og etter samtykke frå dei føresette / foreldra til barnet.
Kontakt
GlasblokkeneHabiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 1. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.
Praktisk informasjon
I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.
I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar
Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.
I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.
Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.
Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ventesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.
Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.
Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.