Behandling
Kommunikasjonstiltak, barn - alternative og supplerende
Ei ASK utgreiing må vere basert på ei grunnutgreiing og vil forutsette vidare oppfølging. ASK utgreiinga består av tre trinn:
- Ei grunnutgreiing som omfattar utgreiing av somatiske forhold, motorikk, kognisjon og miljøfaktorar.
- Basert på det som kjem fram etter grunnutgreiinga, vil det bli undersøkt kva alternative kommunikasjonsformer som eignar seg for barnet (manuelle teikn, grafiske symbol og/eller materielle teikn). Ved bruk av grafisk kommunikasjon blir det undersøkt kva beteningsmoglegheiter, oppsett og kompleksitet og symbolsystem som eignar seg for barnet. Det blir også gitt råd om bruk og implementering i kvardagen til barnet.
- Språket og kommunikasjonen til barn er i kontinuerleg utvikling. Det vil derfor vere behov for justeringar og vidareutvikling av ASK‐tiltaka, noko som føreset nye utgreiingar med jamne mellomrom.
Før
Under
Barnet og foreldra, eventuelt assistent/pedagog frå barnehagen/skulen til barnet, vil samarbeide med fagpersonar frå teamet. Barnet blir undersøkt tverrfagleg, gjennom samtaler med føresette og fagpersonar som kjenner barnet, strukturerte observasjonar og testing. Det vil bli tatt omsyn til døgnrytmen, dagsforma og allmenntilstanden til barnet.
Kan bruk av ASK‐hjelpemiddel bremse eller stoppe utviklinga av talespråket til barnet?
Etter
Det blir gitt ei tilbakemelding straks utgreiinga er gjennomført. Deretter blir det utarbeidd skriftlege rapportar som blir sendt til heimen, tilvisande instans og andre instansar som har behov for desse, i samråd med og etter samtykke frå dei føresette / foreldra til barnet.
Kontakt
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 1. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen