Informasjon til barn, unge og foreldre
Magesmerter- akutte
Det er mange årsaker til akutt oppståtte magesmerter. For nokre av desse er det viktig at du kjem tidleg til behandling. Vent derfor ikkje for lenge med å oppsøke fastlege/legevakt.
Tilvising og vurdering
Frå du har vore hos fastlegen din eller på legevakta og fram til undersøking og utgreiing er gjort, skal det ikkje gå lang tid før du blir tatt vare på vidare.
Utgreiing
Behandlinga krev inga førebuing.
Behandling
For dei fleste som har akutte magesmerter kan bli snakk om ulike undersøkingar, men det kan variere kva undersøkingar kvar enkelt skal til. Dei mest vanlege undersøkingane er lista opp her. Ven å følgje lenkene finn du meir informasjon om dei ulike undersøkingane.
- Les meir om blodprøvetaking av barn og unge
- Les meir om bedøvelseskrem som ein kan få før blodprøvetaking
- Blodtrykksmåling av barn
- Ultralydundersøking av mage av barn og unge
- CT undersøking av magen
- Urinprøvetaking av barn
Kva som vil skje vidare vil bli vurdert ut frå resultata av undersøkingane du har vore til. Du blir anten sendt direkte til operasjon, eller lagt inn på medisinsk eller kirurgisk avdeling, eller utskriven frå sjukehuset. Det er viktig å kjenne til at nær 40% av dei som blir undersøkt i akuttmottak eller lagt inn på sjukehus med magesmerter, reiser heim utan at ein har funne årsak til magesmertene. I dei fleste tilfelle går smertene over av seg sjølv.
Oppfølging
ETTER
Det vidare forløpet er avhengig av årsaken til dine magesmerter.
I nokre tilfeller vil du få tilbod om oppfølging ved medisinsk- eller kirurgisk poliklinikk for barn og ungdom. Du vil bli informert om dette før du skrivast ut frå sjukehuset.