Skift av bandasje
Vask hendene før og etter bandasjeskift. Ikkje ta direkte i såret med hendene.
Det er normalt ikkje behov for å reinse såra kvar gong du skiftar bandasje. Du skal derfor ikkje gjere dette rutinemessig, berre ved mykje fukt og sårvæske eller mykje stivna blod. Slik gjer du det:
- Bruk sterilt saltvatn og reine kompressar for å vaske varsamt.
- 48 timar etter operasjonen kan vanleg lunkent springvatn brukast til å reinse for blod og sårvæske.
- Start med å vaske frå såra og ut til vanleg hud. Dette er for at du ikkje skal dra bakteriar inn i såret.
Du kan dusje 48 timar etter operasjonen. Da dusjar du med bandasjen på. Ta av den våte bandasjen etter at du har dusja.
- Når du losnar bandasjen, kan det vere ein fordel å strekke huda med ein finger eller to for å unngå drag i operasjonssåret, og dra av plasteret på langs av såra.
- Har du dusja – la såret lufttørke før du legg på ny bandasje.
- Ver merksam på forandringar som kan vere teikn på begynnande infeksjon: Aukande smerte/sensibilitet i såret, raude, hevelse, puss eller bløding, lokal varme, såra opnar seg, feber eller nedsett allmenntilstand. Oppstår éin eller fleire av desse tilstandane må du kontakte sjukehuset.
- Er operasjonsåret over eit ledd – kne, ankel eller olboge – er det ein stor fordel om du bøyer leddet før ny bandasje blir lagd på.
Kor lenge skal du bruke bandasje?
Operasjonssåra skal vere dekte av bandasje i minimum 48 timar og fram til det er tørt. Ein tørr bandasje kan gjerne ligge på operasjonssåra i 7 dagar. For deg som har agraffar/stiftar eller sting som skal fjernast, vil mange føretrekke å ha bandasje på til dei er fjerna, da dei lett kan hekte seg i klede.
Nokon operasjonssår vil vere dekte med ein vasstett gjennomsiktig bandasje (Tegaderm). La denne ligge på i 7 dagar før han blir fjerna. Byt om han losnar. Tegaderm skal ikkje bytast rutinemessig etter dusj.
Bading etter operasjon
Det blir anbefalt at du unngår badekar og bading dei første 14 dagane til såra er grodde og eventuelle sting/agraffar er fjerna.