Deinfibulering
Opning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepper
Behandlinga inneber opning av gjensydde eller gjengrodde kjønnsdelar hos kvinner som har vore utsette for omskjæring. Ventar du barn, vil det vere best for deg å opne i god tid før fødselen.
Behandlinga blir gjennomført for å rekonstruere ytre del av underlivet til så tilnærma normal medfødd anatomi som mogleg. Omskorne (lukka) kvinner har ofte store plagar i samband med menstruasjon, det å tisse og å ha samleie.
Vi anbefaler at kvinner som er omskorne tar kontakt eller blir tilvist for å undersøkje og avklare om det er behov for kirurgisk behandling før svangerskapet, i svangerskapet eller under fødsel. Overvaking av fødselsforløp, og sjølve fødselen kan vere meir komplisert hos kvinner som er omskorne. Det beste er å bli opna i god tid før fødsel. Kjønnsleppene blir ikkje sydd igjen etter ein opning i samband med fødsel.
Før
Dersom du er omskoren, kan du be din fastlege, helsesyster eller jordmor om å tilvise deg til poliklinikk ved sjukehus. Du kan også ringe sjølv, du treng inga tilvising.
Det er ikkje nokon fysiske førebuingar før denne behandlinga. Treng du tolk, må du gi beskjed om dette på førehand.
Under
Inngrepet blir utført av ein gynekolog i samarbeid med ei jordmor / ein sjukepleiar. Inngrepet blir utført med lokalbedøving i området som skal opnast. Etter lokalbedøvinga er sett, vil inngrepet vere smertefritt.
Det lukka området blir opna med ein liten kniv (skalpell) eller saks. Sårkantane blir sydde på kvar side slik at vevet ikkje gror saman igjen. Du får lokal bedøving og sjølve inngrepet skal ikkje gjere vondt, men dei fleste opplever smerter dei 2-3 første dagane etter inngrepet. Dette blir behandla med smertestillande tablettar. Smertene vil gradvis avta.
Etter
Du kan reise heim rett etter inngrepet, og du kan fortsetje med dine vanlege aktivitar.
Det er ikkje anbefalt å vaske seg nedantil den første dagen, berre skylje seg med lunka vatn etter toalettbesøk.
Enkelte vil trengje sjukemelding, det kjem an på kva slags jobb. Du får sjukemelding av legen som utfører inngrepet.
Dei fleste kjenner smerter når bedøvinga går ut. Dette er heilt normalt. Du får resept på smertestillande tablettar, og vi anbefaler at desse blir tatt så fort som mogleg etter inngrepet. Følg brukarrettleiinga på pakken.
Nokre kvinner kan forvente at det å tisse opplevast annleis enn før. Urinen kan komme raskare enn det du er van med, og dette er heilt normalt.
Du skal ikkje ha samleie før 4-6 veker etter inngrepet. Såret treng tid til å gro. Samleie før denne tida vil ofte opplevast som smertefullt, og kan også auke risiko for infeksjon.
Stinga går bort av seg sjølve 2-3 veker etter inngrepet.
Ver merksam
Det er ein liten risiko for infeksjon i såret. Dersom du opplever aukande smerter i underlivet og / eller feber dei første dagane etter inngrepet, skal du ta kontakt med sjukehuset.
Kontakt
Glasblokkene
Fødeavdelinga
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene, blokk 5 og 6
Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå
07.00 - 21.00, og frå 07.30 - 21.00 i helg/heilagdagar
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen