Diagnose
P300
Ved P300 blir høyrsla stimulert via hovudtelefonar. For det meste høyres ein gjentakande monoton lyd, men nokre gonger kjem ein lyd som skil seg frå bakgrunnen. Kort tid etter den sjeldne lyden (etter ca. 300 ms) oppstår ein stimulusframkalla respons i hjernen.Responsen vert målt via elektrodar som er festa på hovudet si overflate og den vert rekna for å vera ein tankemesseg påverking av stimulus / overføring av stimulus til bevisstheit. Responsen opptrer berre i samband med mental aktivitet (våkenheit, merksemd, konsentrasjon).
Undersøkinga er mest nytta i samband med forsking, men kan gi tilleggsinformasjon i einskilde kliniske samanhengar. Nytteverdien er omdiskutert fordi responsen lett kan bli påverka av uspesifikke faktorar som for eksempel nedsett merksemd.
Utgreiing
Et og ta dei vanlege medisinane du pleier å ta den dagen du skal til undersøking, dersom ikkje anna er avtalt.
Behandling
Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
- Undersøkinga er smertefri.
- Personen ligg/sit på ein benk eller i ei seng under testen.
- Det er nødvendig å liggja rolig og slappe av. Uro vil lage forstyrring i registreringsresultata.
- Personen må være vaken og bør kunne konsentrere seg og samarbeida om testen. Nedsett merksemd kan gi manglande eller unormale responser.
- Elektrodar er festa på ulike stader på hovudet.
- Personen får høyretelefonar på.
- To ulike lydstimuli (eit vanlig og eit sjeldan) vert gitt i tilfeldig rekkefølgje.
- Personen skal trykka på ein knapp når sjeldne stimuli kjem.
- Undersøkinga kan ta ca. 1 time, men kan vara lengre.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Klinisk nevrofysiologi KNF
Kontakt Klinisk nevrofysiologi KNF
Oppmøtestad
Du finoss i Gamle Hovudbygg på Haukeland universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen