Polymyalgia revmatika og temporalisarteritt
Polymyalgia revmatika og temporalisarteritt er to revmatiske sjukdommar som liknar kvarandre og som kan vere tilstade samstundes. Polymyalgia er prega av muskelsmerte i skuldrer og bekken-området, medan temporalarteritt kan gje smerter i hovud og tinning.
Ein meiner at PMR og AT er ulike former for den same sjukdommen. AT har mange av dei same symptoma som PMR.
Dei mest typiske kjenneteikn ved polymyalgia revmatika (PMR) er:
- Verk i begge skuldrer eller begge hofter, eller i både skuldrer og hofter
- Plagsam kjensle av at heile kroppen er stiv i minst ein time om morgonen
- Teikn på generell sjukdom der mange kjenner seg trøytt og slapp og har feber
- Høg blodsenking
- Rask betring når ein får kortison
Temporalarteritt (AT) er ein betennelse i blodårer i tinningen. Blodårebetennelse (såkalla kjempecelle-arteritt) fins og ofte andre stader i kroppen.
Utgreiing
Korleis utviklar sjukdommane seg?
Utviklinga av sjukdommen skjer gjerne i løpet av veker til månader. Ved polymyalgia revmatika (PMR) har ein typisk smerte og er stiv i skuldrer og/eller hofter, eventuelt og i nakke, overarmar og lår.
Det å vere stiv i kroppen om morgonen er ein typisk plage. Det kan vere så ille at mange kan ha problem med å komme seg ut av senga, kle på seg og løfte armane over hovudet. Nokre får og lette betennelsar i kne og anklar. Dei fleste føler seg sjuke.
Dei vanlegaste symptoma ved temporalarteritt (AT) er smerte i hovud og i tinning, tyggesmerte og forstyrringar i synet (dobbeltsyn, tåkesyn, skugge i synsfeltet eller forbigåande synstap hos opptil 20%). Omkring 5% kan få eit varig synstap. Nokre kan få betennelse i andre blodårar i hovudet eller armane. Derfor er AT rekna som ein meir alvorlig sjukdom.
Kva skuldast sjukdommane?
Begge er truleg uttrykk for ein betennelse i blodårer. Årsaka til at denne betennelsen oppstår er ukjent, men ein reknar med at den skuldast at kroppen sitt immunsystem reagerer mot strukturer i eige vev. Slik sjukdom kallar ein autoimmun sjukdom. Ein meiner både ytre faktorar og arvelege faktorar speler ei rolle for utvikling av autoimmun sjukdom.
Korleis stillas diagnosane?
PMR-diagnosen blir i all hovudsak stilt på grunnlag av sjukehistoria og fråvær av andre sjukdommar som kan gi liknande symptom.
Typisk sjukehistorie er:
- Sjukdomsstart etter 50 år og plager i meir enn 2 veker.
- Verk/smerte i begge skuldrer eller begge hofter - eller i både skuldrer og hofter
- Morgonstivleik som varer meir enn 45 minutt
- Høg senking eller andre teikn på betennelse i kroppen
AT-diagnosen kan bli stilt om tre eller fleire av følgjande kriterium er til stades:
- Sjukdomsstart etter 50 år.
- Nyleg oppstått lokalisert hovudverk.(pine)
- Øm tinningpulsåre ved trykk (berøring) og/eller redusert puls i blodåra.
- Høg senking.
- Positiv vevsprøve frå tinningpulsåra (som viser betennelse med spesielle kjempeceller) Vevsprøve frå pulsåra i tinningen er einaste måten å finne ut om ein har blodårebetennelse (AT) på. Prøven blir tatt ved eit lite kirurgisk inngrep i lokalbedøving.
Behandling
Korleis vert sjukdommane behandla?
PMR kan bli tatt hand om av allmennlege, medan AT blir tatt hand om av spesialist på sjukehus. Prednisolon blir brukt ved begge sjukdommane for å dempe betennelsen. Dosen ved AT er ofte høgare enn ved PMR fordi ein vil unngå skade på synet.
Ofte ser ein ein dramatisk forbetring av tilstanden allereie få timer etter start av behandling.
Prednisolondosen må reduserast gradvis over tid, og det er svært viktig å følgje nedtrappinga som legen sett opp for å unngå alvorlege biverknader. Det er vanleg at behandlinga varer lenger enn 1 år. Nokon treng behandling med låge dosar (5-10 mg) i mange år fordi plagene kjem att kvar gong ein stoppar med medisinen. Det viktig å kontakte lege straks ved aukande hovudverk eller synsvanskar.
Bruk av kortison over lang tid aukar risikoen for å få beinskjørhet . Det er viktig med dagleg tilskot av kalsium og vitamin D (f.eks. Calcigran®). Medisin mot beinskjørhet kan vera naudsynt. Prednisolon kan auke risiko for diabetes og blodsukker skal kontrollerast ved høge dosar.
Oppfølging
Noen fakta
- PMR/AT oppstår nesten alltid etter fylte 50 år.
- Kvinner blir ramma dobbelt så ofte som menn.
- Nye tilfelle av PMR oppstår hos ca 50-55/100.000 personer per år (nokon oppgjev høgare tal). AT er noko sjeldnare (ca. 25 per 100.000 per år). Begge sjukdommane vert vanlegare dess eldre ein er, og har og blitt hyppigare dei seinare år. PMR og AT er vanlegare i Skandinavia enn i andre delar av verda.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen