Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pylorusstenose – operasjon

Pylorusstenose er ei forsnevring eller fortjukking av lukkemuskelen (pylorus) mellom magesekk og tolvfingertarm. Dette fører til forhindra tarmpassasje hos spedbarn 2–4 månader gamle. Tilstanden er vanlegvis medfødd.

Symptom

Hos enkelte barn skjer det ei fortjukking av lukkemuskelen som skil magesekken frå tolvfingertarmen. Dette fører så til ei forsnevring av utløpet frå magesekken. Magesekken klarer ikkje å tømme maten over i tarmen, og i staden vil barnet kaste opp. Lettare tilfelle kan gå over av seg sjølve, men i mange tilfelle må dette opererast.

Symptom vil vere oppkast, kvalme og sprutbrekkingar. Ofte startar tilstanden med gulping som aukar i omfang, og går over i brekkingar og seinare store sprutbrekkingar (ofte fleire meter sprut), ofte i samband med kvart måltid. Etter måltid vil maten samle seg opp i magesekken, som trekker seg kraftig saman for å presse maten forbi det tronge området i pylorus.

Sidan dette er vanskeleg, blir maten pressa tilbake opp matrøyret, og barnet kastar opp med stor kraft i staden. Barnet vil verke svolten og sugelystent, og lite påverka av brekkinga i starten. Etter kvart  vil det bli slappare, med sjeldnare avføring. Gjentatte oppkastepisodar fører til vekttap og salttap. Barnet kan også bli uttørka (dehydrert).

Oppkastet til barnet kan lukte surt og ha spor av blod i seg. Symptoma kjem vanlegvis omkring 4 vekers alder +/- 2 veker.

Årsaka er ukjent, og tilstanden er mest vanleg hos gutar.

Før

Barnet vil bli undersøkt av ein kirurg, som vil kjenne etter ein fortjukka muskel (pylorus), eller observere hevelse på grunn av auka muskelaktivitet i pylorus etter eit måltid hos barnet.

Det vil bli tatt blodprøver, ultralyd og eventuelt røntgen av magen med kontrast. Blodprøver vil vise om barnet har ei forstyrring i saltbalansen (elektrolyttforstyrring) på grunn av mykje oppkast. Ultralyd vil vise ein fortjukka muskel med forlengd og forsnevra opning. Røntgen med kontrast vil vise langsam eller manglande tømming av mageinnhald.

Viktig informasjon før operasjon i narkose

Før operasjon i narkose er det viktig at barnet faster. Følg avdelingens anvisning om faste. 

Barnet vil få en venekanyle på håndryggen eller foten. Dette for å kunne gi væske direkte i blodet og for å kunne sette narkosemiddel. De minste barna kan få sukkervann som smertelindring. Større barn kan få bedøvelseskrem (emla/tapin) før venekanylen settes, slik at stikket gjør mindre vondt. (Link emla, perifer venekanyle)

Foresatte til barn under 6 måneder får følge barnet til operasjonsavdelingen hvor anestesi overtar barnet.

Du kan  lese mer om faste, forberedelser, operasjonsdagen og oppvåkning ved å følge lenken under. Her finner du også bildeserier og filmer tilrettelagt for barn og unge.

Under

Operativ behandling består av ei spalting av den fortjukka muskelen, utan å skade muskelen. Det er viktig at barnet er i god væskebalanse før inngrepet og at ei eventuell elektrolyttforstyrring er korrigert. Det blir som regel gitt væske med elektrolyttar direkte i blodet (intravenøst) inntil operasjon.

Det blir i tillegg lagt ned ein tynn slange (ventrikkelsonde) via matrøyret ned i magesekken, for å tømme magesekken for mageinnhald. Dette blir gjort for å unngå at barnet kastar opp, og mageinnhald går over i luftrøyret som kan skape komplikasjonar under og etter inngrepet.

Korleis er forløpet?

Barnet får intravenøs væske inntil det klarer å ete sjølv. Ein begynner med små måltid (cirka 20 ml) 4 timar etter operasjonen, og aukar cirka kvar annan time med 10–20 ml, til normal mengde. De kan reise heim når barnet et tilfredsstillande, og ikkje kastar opp (cirka etter 3–5 dagar). Barnet kan kaste opp etter operasjonen på grunn av ein hevelse i operasjonsområdet. Dette går over etter eit par dagar.

Etter

Komplikasjonar er svært sjeldne, og barnet kjem seg som regel raskt etter operasjonen. Vektauke er teikn på at barnet trivst og at operasjonen var vellykka.

Sist faglig oppdatert 13.10.2025

Kontakt

Glasblokkene Barnekirurgen

Kontakt Barnekirurgen

Oppmøtestad

Vi held til i blokk 6, 3 etasje i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.  

Alle pasientar som skal leggast inn på Barnekirurgen blir tatt imot i kirurgisk mottak for barn i blokk 6, etasje U1 i Glasblokkene. 


Barn og unge som blir innlagt kan vere knytt til ulike kirurgiske spesialitetar. Har du spørsmål om kommande innlegging eller poliklinikk kan du kontakte sentralbordet på telefon 55 97 50 00 og be om å bli sett over til: 

  • Øyre-nase-hals poliklinikk eller innleggingskontor  
  • Kirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
  • Plastikkirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
  • Kjevekirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
  • Ortopedisk poliklinikk eller innleggingskontor   
Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.