Narkose til barn

Narkose er ei bedøving som verkar i heile kroppen. Pasienten blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. For at barnet ditt skal kunne få narkose, må det møte fastande på sjukehuset. Ved å førebu barnet på kva som skal skje på sjukehuset, og ved at vi vaksne er klar over korleis vi opptrer ovanfor barnet, kan vi bidra til at det opplever tryggleik og meistring under sjukehusopphaldet.

Ein vaksen som barnet er trygg på må vere saman med barnet under sjukehusopphaldet. Det kan vere mor, far eller annan pårørande.

Utsetting av operasjon?

Dersom barnet har symptom på pågåande infeksjon som forkjøling, feber, oppkast eller diaré, eller fått akutt sjukdom, kontakt sjukehuset for å høyre om undersøkinga eller operasjonen må bli utsett.

Før operasjon i narkose

I dagane før operasjonen

Dersom du blir sjuk i dagane før operasjon, ber vi deg eller foreldra dine ta kontakt med avdelinga. 

Ein vaksen må kjøpe bedøvingskrem eller bedøvingsplaster på apoteket, og ha det klart til den dagen du skal opererast. Dersom legen har anbefalt det, kjøp også smertestillande medisin som ligg klar heime. Det er som regel reseptfrie smertestillande som blir brukt.

Gi beskjed til oss på sjukehuset dersom du bruker blodfortynnande medisinar. Av og til skal desse medisinane ikkje brukast eller dosen skal endrast før ein operasjonen. Dette er det legen som vurderer. Dersom dette gjeld deg vil du og foreldra dine få informasjon av legen.

Ta med til sjukehuset

Eigne medisinar

Dersom du bruker medisinar (reseptbelagd) og skal overnatte på sjukehuset, ta dei med i original forpakning merkt med ditt namn. Gi medisinane til den sjukepleiaren som tar imot deg. I tida du er på sjukehuset får du medisinar av oss. Du får medisinane igjen når du skal reise heim.

Du som bruker medisinsk utstyr som CPAP eller BIPAP må ta dette med på sjukehuset.

Det kan bli ein del venting før og etter operasjon. Det kan derfor vere lurt å pakke med seg noko som kan få tida til å gå litt fortare – bok, leikar, lydbøker, aktivitetsbøker, nettbrett, hovudtelefonar. For mindre barn smokk og koseklut.

Når du kjem 

Du vil møte helsepersonell med utdanning innan anestesi, operasjon og overvaking. Dei skal passe på deg før under og etter operasjonen. Alle er opptatte av at du skal kjenne deg trygg heile tida. Du må gjerne spørje dei som skal passe på deg når det er noko du lurar på. 

Informasjon om korleis sjølve operasjonen vil gjerast, får du og foreldra dine forklart av kirurgen som skal operere deg før og etter operasjonen.  

Alle under 18 år kan ha med ein forelder, eller ein vaksen du kjenner godt når du skal til operasjon.

Følg timeplanen for når du skal faste 

Alle som skal opererast i narkose må faste. Faste betyr at du ikkje kan ete og drikke i eit gitt tal timar før operasjonen. Du har fått eit klokkeslett for når du skal begynne å faste. 

Barn og unge bør ikkje faste unødvendig. Ny forsking viser at det er trygt å drikke klare væsker inntil 1 time før anestesi utan auka risiko. Fordel ved kortare fastetid er betre trivsel, redusert kvalme, tørste og ubehag etterpå.

Å vere utan mat og drikke kan vere litt slitsamt og ein kan kjenne seg litt uroleg. Men magen må vere nesten heilt tom når du skal ha narkose, og derfor må du følge reglane for faste. Dersom du ikkje fastar slik du har fått beskjed om, kan du risikere at operasjonen blir utsett eller avlyst. 

Slik faster barn og unge under 18 år før ein operasjon i narkose 

  • Klare drikker som vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, kan du drikke inntil 1 time før operasjonen.
  • Morsmjølk/morsmjølkerstatning kan barnet drikke fram til 4 timar før operasjonen.
  • All annan mat og kumjølk kan barn og unge ete inntil 6 timar før operasjonen.
  • Barnet skal tilbydast, men ikkje blir pressa til å drikke.
  • Du skal heller ikkje tygge tyggegummi eller ete drops/pastillar dei siste 2 timane før ein operasjon. 
  • Du skal ikkje røyke eller bruke snus i 2 timar før operasjonen.

Du vil få tydeleg beskjed frå lege eller sjukepleiar dersom du skal følge andre fastetider enn oppgitt her.

Slik dusjar/badar du kvelden før operasjonen

Det er viktig å vere rein før ein operasjon. Når du dusjar/badar, ver spesielt nøye med å vaske navle, underliv, hender og føter. 

Av og til må barn og unge må opererast i narkose i samband med ein akutt skade eller sjukdom. Da vil helsepersonell sjå til at narkose og operasjonen blir utført på ein trygg måte, sjølv om ein ikkje har rokke å gå gjennom alle førebuingar som er vanlege ved planlagde operasjonar.

Under

Ung person som sitter på en sykehusseng
Sjølve operasjonsdagen

Operasjonsdagen

Foreldra dine, eller den vaksne du har tatt med deg til sjukehuset, får vere hos deg denne dagen. På sjukehuset vil helsepersonell ta imot dykk. Det kan bli noko venting før det er din tur til å bli køyrt ned til operasjon. 

Denne dagen skal bedøvingsplaster eller krem leggast på handbakane eller angitt stad, slik personalet har informert om. Seinare på dagen vil du få ein venekanyle, der plasteret har sete (som regel på handbaken, olboge eller foten).

Barn og unge som blir lagd inn (skal overnatte) på sjukehuset kan opphalde seg på Leiketerapien i ventetida før operasjonen. Leiketerapien er open alle kvardagar. Kanskje du også treffer ein sjukehusklovn eller to mens du er her. 

Du som skal overnatte på sjukehuset vil bli overflytta til sengepost når du har sove ut og er vaken etter narkosen. Kva som skjer vidare på sengepost avheng av kva du er operert for. Under innlegginga vil ein av foreldra dine få høve til å overnatte saman med deg og ete måltida som blir serverte.  

Det kan vere at du får medisinar i forkant av operasjon

Det kan vere tablettar som du svelger, mikstur som du drikk, smeltetablett eller granulat som blir løyst opp i munnen eller stikkpiller som blir sette i rumpa. Det er anestesilegen som vurderer kva medisinar som passar for deg i forhold til kva operasjons- og bedøving du skal ha.

Bruker du medisinar som skal takast før operasjonen, vil du få beskjed om det. 

Like før du blir køyrd til operasjonsavdelinga ber vi deg om å tisse på toalettet. Dersom du bruker bleie eller innlegg, vil vi registrere tidspunkt for siste våte bleie/innlegg. Skift på tørr bleie/innlegg/bind før turen går til operasjonsstua. 

Ta av deg før operasjonen

  • Du må fjerne kontaktlinser, naglelakk og falske negler 
  • Du må ta av ringar, armband, smykke, klokke og piercing
  • Mobiltelefon skal ikkje følge med til operasjonsavdelinga

Ha på deg før operasjonen

  • Sjukehusklede
  • Truse 
  • Briller og høyreapparat 

På operasjonsstua

Barn over 6 månader og opptil 18 år

Ein anestesisjukepleiar vil ta imot deg og forelderen din. Dei spør gjerne om namn, fødselsdato og ein del andre opplysningar, og samanliknar det med det dei har fått av informasjon om deg. 

Ein forelder får vere hos deg til du har sovna. Når du søv blir forelder følgd ut og må vente på eit anna rom i nærleiken, eller på avdelinga du skal til etter operasjonen.

Anestesipersonalet set venekanylen inn i blodåra før eller under operasjonen. Narkosen startar ved at du får medisinar gjennom venekanylen, eller ved at du pustar narkosegass gjennom ei maske. Narkosegass kan lukte litt rart, men det går fort over. Ved narkose søv du djupt og er smertefri under operasjonen. 

På operasjonsstua vil det vere både kirurg, operasjonssjukepleiarar, anestesisjukepleiar og anestesilege. Alle har oppgåvene sine under operasjonen og for å passe på deg. Her er også mange apparat som følger med blodtrykket, pulsen din, pusten din og korleis hjarte ditt slår mens du søv i narkose.

Staden på kroppen som skal opererast blir vaska reint med ei spritoppløysing. Den vaskar vekk bakteriar frå huda og reduserer faren for infeksjonar. Spritoppløysinga gir ein gul farge på huda som forsvinn når du kan vaske det igjen. Du vil få teppe på dei delane av kroppen som ikkje skal opererast slik at du ikkje skal bli kald under operasjonen. 

Spedbarn under 6 månader

Når spedbarn under 6 månader skal til operasjon i narkose, vil anestesipersonalet møte foreldra i mottaksrommet og bere barnet inn til operasjon. Foreldre ventar på avdelinga barnet blir flytta til etter operasjonen. 

Etter

Når legen er ferdig å operere deg vil vi slutte å gi deg medisinar som gir narkosen. Du vaknar inne på operasjonsstua, men det er ikkje sikkert du hugsar det seinare. Vi vil passe på deg heile tida frå du kjem inn på operasjonsavdelinga, til du vaknar igjen. 

Rett etter operasjonen kviler du i ei seng på oppvakningsavdelinga. Her kan ein av foreldra dine, eller den vaksne som er med deg, vere saman med deg. Det er viktig at du får sove av deg narkosen Forelder bør derfor unngå å forstyrre seg så lenge som du søv. Tida du blir overvakt varierer ut frå operasjon som er utført. 

Forelder til spedbarn som bruker flaske og morsmelkerstatning kan med fordel ta det med til oppvakningsavdelinga.

Kor lenge du må vente før du kan ete og drikke, er avhengig av kva type operasjon og medisinar du har fått. 

Det er vanleg å kjenne litt smerter etter operasjonen, og nokon kan kjenne seg kvalm. Fortel sjukepleiaren korleis du har det, gjerne med hjelp av ein smerteskala. Du kan få medisinar som hjelper mot både smerter og kvalme, slik at du får det betre. 

Etter nokre typar operasjonar følger vi med på om du har tissa. Årsaka er at narkosen kan gjere at du ikkje kjenner deg tissetrengd. Da må vi følge med fram til du har tissa.

Av og til tar vi bilde av urinblæra for å sjekke om den er full av urin. Da bruker vi ein liten skannar. Når vi skannar blæra har vi først på litt kald blank gelé under navlen din, så legg vi skannaren på magen din og tar bilde. 

Før heimreise vil legen snakke med dykk om kva de må passe på. De vil også få informasjon om medisinar du kan bruke heime dersom du får vondt.

Som hovudregel skal du ha ete, drukke, vere tilstrekkeleg smertelindra og ha tissa før de reiser heim. For mange vil det også vere viktig å meistre øvingar gitt frå fysioterapeut.

Det blir også ordna med bekrefting ut frå behov; fråvær skole, rett til skoleskyss, gymfritak/tilrettelagd gym og andre erklæringar, pleiepengar, og dessutan informerte om eventuelt oppfølging vidare. 

Sist faglig oppdatert 01.11.2024

Kontakt

  • Kontakt Barnekirurgen

    Oppmøtestad

    Vi held til i blokk 6, 3 etasje i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.  

    Alle pasientar som skal leggast inn på Barnekirurgen blir tatt imot i kirurgisk mottak for barn i blokk 6, etasje U1 i Glasblokkene. 

    Barn og unge som blir innlagt kan vere knytt til ulike kirurgiske spesialitetar. Har du spørsmål om kommande innlegging eller poliklinikk kan du kontakte sentralbordet på telefon 55 97 50 00 og be om å bli sett over til: 

    • Øyre-nase-hals poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Kirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Plastikkirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Kjevekirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Ortopedisk poliklinikk eller innleggingskontor  

    Pasientane blir innlagde på Barnekirurgen etter operasjonen.

    Bygning med store glassflater

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Praktisk informasjon

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

    Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  

    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

  • Kontakt Brannskadeavdelinga

    Oppmøtestad

    5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 

    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Klinikk hovud hals

    Oppmøtestad

    Sjå dei respektive einangene i lista under for oppmøtestad.