Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Reaktiv artritt
Reaktiv artritt er leddbetennelsar (artritt) som oppstår etter ein infeksjonsepisode. Vanlegvis har infeksjonen vore i tarmen, kjønnsorgana eller urinvegane.
Symptom
Smerter og hevelse i ledd som kjem plutseleg, vanlegvis 1-4 veker etter ein infeksjon. Oftast blir få ledd ramma. Typiske ledd er kne, ankel, eller ledd i føtene. Somme pasientar får senefestebetennelse i akillessena eller i senefestar i fotsolen.
Svidande og røde auge kan førekomme.
Diagnose
Avheng av at det blir påvist leddbetennelse og det må ha vore ein tidlegare infeksjon som diaré, seksuelt overførbar kjønnssjukdom eller urinvegsinfeksjon. Dersom du har hatt ein kjønnssjukdom, kan det vere nyttig å vite kva bakterie du har hatt. Det er ikkje nødvendig å finne bakterien dersom du har hatt diarésymptom.
Behandling
Medikamentell behandling
antibiotika ved seksuelt overført kjønnssjukdom
betennelsesdempande medisinar (NSAIDS) som f.eks. Ibuprofen, Naproxen eller Diclofenac
kortisoninjeksjon i ledd [lenkje til leddpunksjonstekst]
prednisolonkur
Ved langvarige, kroniske tilstandar kan antirevmatisk behandling i form av sulfasalazin (Salazopyrin) eller methotrexate vere aktuelt. I sjeldne tilfelle kan eventuelt behandling med biologisk medisin (TN -hemmar) vere nødvendig, dersom dei andre medikamenta ikkje har hatt effekt.
Blir stundom behandla med kortisondropar. Det vanlegaste er ein overfladisk betennelse i augeslimhinna (konjunktivitt), men dersom det oppstår augesmerter eller uklart syn bør du vurderast av augelege for å få undersøkt om det kan vere regnbogebetennelse (iridocyklitt).
Varigheit av sjukdommen
Dei fleste blir raskt betre utan å få tilbake symptoma. Hos somme vil sjukdommen gi tilbakevendande symptom. Hos ei lita gruppe blir sjukdommen kronisk med behov om langvarig immundempande behandling.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.