Røntgen av tjukktarm hos barn
Dette er ei røntgenundersøking der vi bruker kontrast for å framstille endetarm og tjukktarm.
Denne undersøkinga blir teken for å kartleggje funksjonen av tjukktarmen, og barnet får kontrast gjennom ein sonde i endetarmen.
Tilvising og vurdering
Tilvising blir send frå legen til barnet.
Før
Før du møter til denne undersøkinga, må du ha tømt tarmen (gjeld alle ungdom og barn over 6mnd).
For å få gjort dette, må du kjøpe Toilax klyster (og evt tablettar) på eit apotek i forkant, dette fås reseptfritt. Klysteret skal settast heime (eller på avdelingen dersom du er innlagt på sjukehuset).
Tømming av tarm:
- 0 - 6 mnd: Ingen tømming
- 6 mnd - 3 år: ½ toilax klystertube tidlig om morgonen samme dag som undersøkinga.
- 3 - 6 år: 1 toilax klystertube tidlig om morgonen samme dag som undersøkinga.
- 6 - 18 år: 2 toilax tabletter kvelden før undersøkelsen + 1 toilax klystertube tidlig om morgonen samme dag som undersøkinga.
Under
Når undersøkinga begynner, må du ligge på et undersøkelsesbord. Du må kle av deg bukse og truse, så får du eit håndkle over magen. Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking. Dersom du ynskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.
Etter undersøkinga og resten av dagen er det viktig å drikke litt ekstra for å skylle ut restar av kontrastvæska.

Etter
Undersøkinga krever ingen spesiell oppfølging. Bilda blir beskrivne av ein røntgenlege og svaret blir sendt henvisande lege.
Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, ta kontakt på telefon
55 97 52 20
kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30