Når undersøkinga byrjar, må du stå på eit stativ inntil eit røntgenapparat. Dersom du ikkje kan stå, kan vi ta biletet sitjande eller liggjande.
Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking. Dersom du ønskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.
- For å få bilete av heile ryggen, må vi som oftast setje saman to bilete.
- Du vil sjå at røntgenapparatet bevegar seg medan vi tek bilete.
- Det er veldig viktig at du klarer å stå heilt stille, slik at bileta passar saman til slutt.
- Kor mange bilete som blir tekne, varierer ut frå problemstillinga.
- Heile undersøkinga tek 5–15 minutt.
Når undersøkinga er ferdig, kan du kle på deg og forlate avdelinga.
Har du ein kjend skoliose, og har fått time til operasjon?
Som eit ledd i førebuing til operasjon, er det vanleg med ei røntgenundersøking som tek litt lengre tid. I tillegg til dei vanlege bileta, skal vi ta nokre bilete som kartlegg kor stor del av ryggen din som er bevegeleg, og kor mykje han kan bevege seg.
Vi tek bilete der du skal bøye ryggen sidevegs til høgre og venstre. Desse tek vi helst medan du står.
I tillegg skal vi ta bilete medan du ligg på ein undersøkingsbenk. For å få eit bilete av kor bevegeleg ryggen er, kjem vi til å trekkje i skuldrer og bein før biletet blir teke.
Når undersøkinga er ferdig, kan du kle på deg og forlate avdelinga.