Søvn-EEG
Ved søvn-EEG, vert hjernen sin elektriske aktivitet undersøkt både i vaken tilstand og under søvn.
Utgreiiga vert gjort ved mistanke om epilepsi utan avklaring etter eitt eller fleire standard EEG. Det vert også gjort ved anfall eller mistanke om auka epileptisk aktivitet i samband med innsovning, søvn eller oppvakning.
Det å sova lite før undersøkinga kan vera ein effektiv måte å få epileptiform aktivitet tydelegare frem.
Før
- Vaksne skal ikkje sova natta før undersøkinga, og barn under 12 år skal ikkje sove etter kl. 03.
- Et og ta dei vanlege medisinane den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje anna er avtalt.
- Skriv ned kva medisinar du brukar.
- For at prøven skal bli teknisk god bør håret vere nyvaska og tørt. (ikkje bruk andre hår produkt enn nøytral shampo)
- Ha med eigen kam, børste, evt. hårpleiemidlar.
- Barn kan ha med seg leikar, smokk, tåteflaske etc.
- Barn/personer som treng ekstra førebuing (f.eks. ved autisme, eller psykisk utviklingshemming) kan avtala å koma til avdelinga før undersøkinga for å sjå undersøkingsrommet, sjå/kjenna på utstyr, evt. låne med seg heim noko utsyr for å øva på undersøkinga. Ta kontakt med avdelinga dersom dette er aktuelt.
Under
- Undersøkinga er smertefri.
- Undersøkinga vert utført på same måte som ved vanlig EEG.
- Spesielt for søvn-EEG er at testen vert utført om morgenen, og ein ynskjer å registrera både vakenheit og søvn. Registreringen bør innehalda minst 30 minuttar med søvn.
- Ein blir gjerne vekt 1-2 gonger i løpet av undersøkinga.
- Ofte gjer ein lysblinkstimulering, og/eller hyperventilasjon i løpet av søvn-EEG.
- Heile undersøkinga varer ca. 1-1,5 time.
Etter
Etter undersøkelsen tilbys hårvask.
Kontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Oppmøtestad
Vi heldt til i Gamle Hovudbygg sentralt på Haukeland.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen