Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Systemisk lupus erytematosus SLE
SLE (systemisk lupus erytematosus) er ein kronisk betennelsessjukdom der kroppen sitt immunforsvar dannar antistoff som er retta mot kroppen sitt eige vev. SLE kan ramme nærmast alle vev i kroppen, det vanligste er hud, ledd, nyrer, blodceller. Sjukdommen høyrer inn under revmatiske sjukdommar kalla bindevevssjukdommar.
Utbreiing og årsak
SLE debuterer oftast i alderen 16 til 55 år og er mykje vanlegare blant kvinner enn menn. Sjukdommen førekjem hos mellom 1 og 25 av 100.000 i Europa, men er vanlegare blant afroamerikanarar og folk frå Asia.
Årsaka til SLE er ukjent. Mykje tyder på at både arv, hormon, immunologiske årsaker og miljøfaktorar speler ei rolle.
Symptom og sjukdomsteikn
SLE kan gi symptom frå alle organ i kroppen. Ofte ser ein utslett i huda, særleg på område som er eksponert for lys. Muskel- og leddverk er vanleg, og det samme er nyrebetennelse. Mange kan oppleve sår i munnhola, og nokre opplever også håravfall. I tillegg vil ein kjenne seg trøytt og utmatta og nokre kan ha feber utan teikn til andre infeksjonar.
Utredning
Diagnosen blir sett på grunnlag av samtale om typiske symptom, vanleg klinisk undersøking, samt blodprøvar og eventuelt tilleggsundersøkingar av enkeltorgan. Legen spør gjerne om symptom som hudutslett, munnsår, hårtap, likfingre, leddsmerter og smerter når ein pustar.
Det er også vanleg å kartlegge medisinbruk, da enkelte medisinar i sjeldne tilfelle kan vere ein medverkande årsak til SLE. Det blir tatt ei rekke blodprøvar som for eksempel kan vise funn av antistoff, høg senking og lågt tal på kvite blodceller og blodplater. Urinprøve er ein del av rutineundersøkinga. I tillegg er det ofte nødvendig med røntgenbilde og
vevsprøvar frå affiserte organ, som for eksempel hud eller nyre.
Behandling
Målet med behandlinga er å oppnå lågast mogleg sjukdomssaktivitet og hindre skade på indre organ. Det er viktig å verne seg godt mot sola ved å halde seg i skuggen og bruke solkrem med høg faktor, da ein veit at soleksponering kan forverre sjukdommen. Røykeslutt anbefalast.
SLE kan auke risiko for komplikasjonar under graviditet, derfor er det viktig at graviditet blir planlagd i ei roleg fase av sjukdommen, og i samråd med legespesialist.
Medikamentell behandling Den medikamentelle behandlinga varierer frå person til person avhengig av kva organ som er hardast ramma av sjukdommen. Dei aller fleste som er sjuke med symptom frå hud, ledd og slimhinner blir satt på behandling med antimalaria-medisinen Plaquenil. Mange bruker i tillegg prednisolon i varierande doser. Om sjukdommen rammar indre organ, som for eksempel nyrer, kan fleire ulike immundempande medisinar og cellegift vere aktuelle.
Oppfølging
Pasientar med SLE får oppfølging av revmatologisk avdeling, eventuelt i samarbeid med nyreavdeling. Intervall mellom kontrollane varierer ut i frå kor aktiv sjukdommen er. Ved mild og godt kontrollert sjukdom er det nok med kontroll hos lege kvar 6.-12. månad.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.