Denne dagen vil de ha samtale med lege, og både mann og kvinne må møte. Det er viktig at de informerer legen om eventuell medisinbruk og allergiar. Forundersøkinga kan vare inntil 60 minutt, Opplysninger som kjem fram i tilvisinga, svar på blodprøver og sædprøve blir vurdert og diskutert.
Undersøking av kvinna
Kvinna skal gjennom ei gynekologisk undersøking:
Ved ultralyd ser vi på eggstokkar og livmor. Dersom ultralyd gir mistanke om at ikkje oppnådd graviditet kjem av tilstandar som krev operasjon, vil kvinna bli tilvist vidare til operasjonsavdelinga på sjukehuset.
Vaginal ultralyd
Undersøking av mannen
Mannen skal levere ei sædprøve. Somme gonger blir også testiklane undersøkte med ultralyd. Ved manglande sædceller hos mannen, vil det bli vurdert om han kan bli stimulert med hormonar. Det vil ta noko tid før ein kan sjå eventuell respons av hormonbehandlinga. I nokre tilfelle kan det væte aktuelt å ta ein biopsi av tekstikkel (TESA) for å sjå om der er sædceller.
Funn ved undersøkingane, og hormonsvar bestemmer kva behandling som blir vald.
Forsamtale med sjukepleiar
Dersom behandlinga er planlagd eit stykke fram i tid, vil samtalen med sjukepleiar skje nærast mogleg behandlingsstart. Sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Paret må også signere «Avtale om assistert befruktning», og begge må legge fram gyldig legitimasjon til sjukepleiaren.
Sjukepleiar vil gå gjennom den personlege behandlingsplanen for paret steg for steg. Paret vil også få opplæring i korleis dei skal sette hormonsprøyter heime.
Hormonbehandling blir alltid gitt til kvinna og i nokre tilfelle til mannen. Dersom alt ligg til rette for det, vil vi på dette møtet bli einige om metode og tidspunkt for vidare behandling. Oppstart av hormonbehandling vil vere avhengig av menstruasjonssyklusen til kvinna og kapasiteten ved avdelinga.