Undersøking

Ultralyd av hjarte hos barn og unge

Ultralydundersøking av hjartet er ein del av utgreiinga ved dei fleste hjertesjukdomar og medfødd hjartefeil. Undersøkinga gir detaljert informasjon om hjartets anatomi og funksjon.

Før

Undersøkinga krev inga førebuing. Det er lurt at sped- og småbarn er mette og nøgde før undersøkinga for å kunne halde seg mest mogleg i ro. 

Under

Barnet ligg på ein benk eller i seng under undersøkinga. Premature barn blir undersøkt medan dei ligg i kuvøse. Sped- og småbarn kan ligge på fanget. Større barn ligg på undersøkingsbenk, og kan sjå på film under undersøkinga.

Undersøkinga blir vanlegvis gjort av ein barne-hjartespesialist (barnekardiolog), eventuelt ein ekkoteknikar. Barnet får elektroder festa på huda på overkroppen. Undersøkinga blir gjort ved at eit lydhovud blir ført over brystveggen. For å kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Derfor brukar vi alltid ein kontaktgelé på huda som kan vere litt kald. Vi brukar kroppstemperert gelé til dei minste.

Bilda blir registrert på ein skjerm som står ved sidan av pasienten, og dei blir lagra digitalt. Opptaka blir analysert og skildra av legen.

Gjer det vondt?

Undersøkinga er smertefri. Barnet kjenner kun eit lett trykk mot brystet frå lydhovudet.

Kva skjer dersom barnet er uroleg?

Dersom spedbarn er urolege, kan ein gi litt sukkervatn, som er beroligande. Om større barn ikkje vil samarbeide ved undersøkinga, må det ein sjeldan gong bli gitt beroligande medisin for å få gjennomført undersøkinga, eller ein set opp ein ny time der ein prøver på nytt.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkinga tar vanlegvis 20 – 30 minutt, men det kan ta lengre tid dersom det er vanskeleg diagnostikk eller om barnet er uroleg.

Etter

Pasienten blir ikkje påverka av undersøkinga og kan reise heim eller flyttast tilbake til avdelinga umiddelbart etterpå. Innanfor gjeldande retningslinjer er ultralyd ei trygg og ufarleg undersøking.

Kva tid får eg resultatet?

Det blir vanlegvis gitt eit munnleg resultat og forklaring umiddelbart etter undersøkinga. Skriftleg svar blir sendt til tilvisande avdeling eller fastlege.

Kontakt

Glasblokkene Nyføddintensiv

Kontakt Nyføddintensiv

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 7, etasje U2

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Dersom ein pasient er på sjukehuset i sju dagar eller meir, har pasienten / pårørande rett til parkering til redusert pris i 1 til 2 veker, for inntil 3 bilar. Prisen er 350 kroner per veke per bil. Avdelinga fyller ut skjema som bekreftar din rett til redusert parkeringsavgift. Spør sjukepleiar eller postsekretær om dette. Du tek med skjema til resepsjonen i Sentralblokka, og dei vil hjelpe deg vidare med parkering på sjukehuset.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

Les meir om gåver og donasjonar

I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

Måltida i spisestoven blir servert: 

Frokost: 08.00-09-00

Lunsj: 11.30-12.30

Middag: 15.00-16.00

Kvelds: 19.00-20.00

Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

 

Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

​Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn. 

Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste. 

For mor og far: dersom du er usikker på korleis du skal forhalde deg; ta kontakt med sjukeplear for avklaring. 

For andre besøkande - dersom du er sjuk – hald deg heime!

Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til å ha nakne armer under albuen. Altså oppbretta genser, av med ringer, klokker eller lange negler.

For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du spørje først. Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp. 


​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Sjukehuset har dessverre ikkje tilbod om vask av privat tøy for pårørande eller inneliggande pasientar.

Dersom du har behov for å vaske tøy under sjukehusopphaldet, må du benytte vaskeri/renseri i byen.

Nær familie og vener er velkomne på besøk, også for å avlaste foreldre som har behov for det. På Nyføddintensiv må alle besøkande vise ekstra omsyn til barnets behov. Avtal besøk med sjukepleiaren som passar barnet ditt, slik at det tilpassast barnets behov og eventuelle planar for undersøkingar eller anna. Vi ønskjer først og fremst at besøkande første gong alltid er i følgje med mor eller far til barnet.

Søsken og smittefare - Søsken er velkomne, men i periodar om vinteren er det stengt for søsken under skulealder på grunn av generell smittefare. Infeksjon med RS-virus er mest vanleg dei første leveåra hos barn (0-5 år) og er ein hyppig årsak til luftvegsinfeksjonar hos spedbarn og små barn. Forbodet er innført for å beskytte dei nyfødde ekstra godt.

Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til nakne armer under albuen.

Dersom de er på fleirsengsrom, ber vi om at besøk skjer mellom kl. 17.30-18.00. Det er også redusert moglegheit til mobilbruk på grunn av hygiene og støy.

Utanom dette kan de ta imot besøkande på avdelinga si opphaldsstove eller i minglearealer i 1. etasje.

​Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:
Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:
Ring 55 97 33 93

Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
Ring 113

Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs ring 41701556 (intern 509544) til BUK Ansvarsvakt Mottak.