For kvinner etter overgangsalderen er det viktig å bruke østrogentilskot i skjeden (for eksempel Vagifem, Gelisse eller Ovesterin) minimum to veker før operasjon dersom du elles ikkje bruker dette fast. Vi anbefaler å unngå barbering av underlivet dei siste to til tre vekene før inngrepet.
Operasjon ved anstrengingslekkasje
Urinlekkasje ved anstrengingar som hoste, nys, latter og fysisk aktivitet kjem oftast av svekking i urinblæras lukkemuskel og/eller i bindevevet som held urinrøyr og urinblære på plass. Formålet med å operere inn ein vaginalteip (TVT, TOT) er å stabilisere urinrøyret, slik at vi reduserer lekkasjen eller at han stansar. 80–90 prosent av kvinnene blir kvitt anstrengingslekkasjen etter operasjonen.
Av dei som har anstrengingslekkasje, viser det norske kvalitetsregisteret at 80-90 % er svært fornøgde med resultatet av behandlinga og er tette ved fysisk testing.
Dersom ein har blandingslekkasje, det vil seie både anstrengings- og hastverkslekkasje, er resultata noko dårlegare.
Urinlekkasje hos kvinner
Før
Under
Under inngrepet ligg du med beina opp som ved ei gynekologisk undersøking. Ein sjukepleiar sit ved hovudenden og passar på at du har det bra under inngrepet.
Operasjonen utfører vi i lokalbedøving, og du får i tillegg smertestillande intravenøst. Det er normalt at du kjenner berøring og moderat smerte under inngrepet.
Slimhinna i skjeden blir opna under urinrøyret, og vi lagar to små snittar nedst på magen din. Eit prolenbånd (syntetisk materiale) blir ført opp med ei nål på begge sider av urinrøyret bak symfysen. For å kontrollere at bandet sit rett, kikkar vi inn med eit lite kamera i urinblæra (cystoskop). Bandet blir stramma til du lekker berre ein drope ved hoste. Snitta i skjeden og nedst på magen blir sydd med tråd som forsvinn av seg sjølv.
Bandet blir ikkje sydd fast, men gror fast i vevet.
Etter
Du kan dra heim når du får til å late vatnet normalt, som oftast same dag. Vi kontrollerer resturin (kor mykje som er igjen i blæra etter at du har tissa) med ein blæreskannar. Dei fleste tissar langsamare etter inngrepet. For å førebygge urinvegsinfeksjon får du med Hiprex tablettar som du skal ta morgon og kveld i tre–fem dagar, inkludert operasjonsdagen.
Kontroll
Vi ønsker at alle som blir opererte for TVT blir registrert i den anonyme nasjonale databasen NKIR (Norsk kvinnelig inkontinensregister). Dette registeret fører løpande kvalitetskontroll med resultata frå sjukehusa. Du vil bli beden om å skrive under samtykke til dette. Er du med i registeret, vil du bli innkalla til ein frivillig kontroll innan eitt år og tre år etter inngrepet.
Dersom du har generelle og/eller praktiske spørsmål, kontakt utskrivande avdeling eller fastlege.
Ver merksam
Ved behov for vurdering av akutt helsehjelp som ved sterke smertar, større blødingar eller akutt feber kontakt behandlande avdeling ved sjukehuset.
Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar, oftast blodsamlingar, blodpropp eller infeksjon. I sjeldne tilfelle kan andre organ som tarm og urinblære bli skadde. Nokon svært få opplever at slimhinna i skjeden over bandet ikkje vil gro. Det kan ein sjeldan gong vere vanskeleg å stramme bandet rett, og det kan bli vanskeleg å tisse. Vi måler derfor resturin før du kan dra heim. Nokre få må lære å tømme blæra med kateter til tissinga kjem i gang. Dersom bandet er lagt for stramt, kan operatøren dagen etter inngrepet slakke bandet.
Generelt gjeld at dersom plagene etter operasjonen ikkje minkar frå dag til dag, men i staden aukar på, bør du ta direkte kontakt med avdelinga vår. Spesielt bør du vere merksam på aukande smerter, pustevanskar, feber, plagar frå urinvegar og tarm. Svie og hyppig vasslating etter operasjonen kan det vere teikn på blærekatarr, og du bør levere morgonurinprøve på reint glas hos fastlege.
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk avdeling
Ventetid: 14 - 42 uker
Ventetid: 14 - 42 uker
Kontakt Gynekologisk avdelingOppmøtestad
Det vil stå i innkallingsbrevet kor du skal møte.
Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46
Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Dagkirurgisk avdeling - telefon 55 97 42 92 før kl. 15.00
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21

Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen